Lokal | 19. sep. 2016

Farleg leik på Amfisenteret

– Dette var svært ubehageleg å sjå på, seier nabo.

Farleg leik på Amfisenteret
Ein nabo til Amfisenteret tok desse bilda søndag kveld. Politiet blei varsla om den risikofylte leiken.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. sep. 2016 08:02

Søndag i 19-tida fekk politiet melding varsla om ungdom som klatra på tak og rekkverk på Amfisenteret.

– Dette var ein svært ubehageleg observasjon, seier ein nabo til Midtsiden.

– Det var åtte ungdomar som dreiv livsfarleg leik på tak og rekkverk. Det kunne fått fryktelege konsekvensar.

10-12-åringar på taket på gymsal

Politiet blei varsla om både den farlege leiken på senteret og om nokre 10-12-åringar som var på taket på gymsalen til Os barneskule.

– Patruljen var ikkje ute på dette, men vi vil åtvara mot denne formen for leik og oppmoda foreldre til å ta ein prat om ungane om dette, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Risikerer dei nokon form for reaksjon frå politiet?

– Om huseigar melder dei så kan det få konsekvensar. Det viktigaste her er uansett den unødige risikoen dei tar.

Vil melda saka til politiet

Senterleiar Silje Lygre seier ho vil følgja opp episoden.

– Eg køyrde rett til senteret då eg blei tipsa om dette i går, men då var ungdomane vekke. Heldigvis var det ingen som blei skadd!

Lygre seier dei no vil undersøkja om bygningen har fått skader som må reparerast, men seier det viktigaste er å hindra at dette skjer igjen.

– Vil du opp på eit tak så klarer du det, men det burde vore innlysande for ungdomen at dette ikkje er greit. Denne formen for aktivitet vil vi at politiet etterforsker. Eg er ikkje så opptatt av straff, men at det blir ei oppfølging av episoden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.