Farstad frå Fusa til Os
Os kommune har tilsett Elisabeth Farstad som organisasjons- og innovasjonssjef.
Tidlegare i sommar lyste Os kommune ut ei ny stilling som organisasjons- og innovasjonssjef. 30 personar søkte den nye stillinga og sju personar var inne til intervju, testing og samtalar.
– Det har vore ein omfattande, god og spanande prosess der assisterande rådmann i Fusa, Elisabeth Farstad no har fått tilbod og vil takke ja til stillinga, seier rådmann Christian F. Fotland i ei pressemelding.
Med informasjonsbakgrunn
Farstad (56) har bakgrunn innan medie- og informasjonsbransjen og har mellomanna jobba i Lillehammer Dagningen, TV 2 og informasjonsavdelinga i Bergen kommune, før ho i oktober 2015 tok til i stillinga som assisterande rådmann i Fusa kommune, kor ho også ei periode har vore fungerande rådmann.
– Vi er utruleg nøgde med at Elisabeth blir vår nye organisasjons- og innovasjonssjef. Ho vert gjennom denne stillinga også prosjektleiar for stabsavdelingane i samband med kommunereforma, seier Fotland.
Gler seg
Elisabeth Farstad seier ho gler seg til å ta fatt på dei nye oppgåvene og at ho vil møta oppgåvene med eit opent sinn. Ei sentral del av stilinga vil vera kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa, som vil gje mange moglegheiter når det gjeld innovasjon.
– Dette mogelegheitsbilde er noko mange av kommunane som ikkje skal slå seg i saman misunn oss, seier Farstad.
Etter to år i Fusa kjenner ho den delen av Bjørnafjorden kommune godt.
– Eg gler meg spesielt til å bli betre kjent med Os og få betre innsikt i "kvar skoen trykker". Eg vil setje av tid i starten til å få oversikt over Os og bli kjent med kulturen og dei tilsette i Os kommune, seier Farstad i pressemeldinga.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.