Politi | 30. sep. 2025

Fartskontroll i Byvegen – dei fleste styrte klar

Skreiv ut eitt forenkla førelegg.

Fartskontroll i Byvegen – dei fleste styrte klar
Politiet var i går ute med fartsmålar igjen. Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden (Arkiv)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 30. sep. 2025 09:22

Måndag i 09.30-tida hadde politiet fartskontroll på Byvegen ved kryss med Industrivegen.

Det blei skrive berre eitt forenkla førelegg.

– Vedkomande køyrde i 69 km/t i 60-sona, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det fører til eit førelegg på 3250 kroner, men ingen prikkar på førarkortet.

Tidlegare på dagen, klokka 08.06, kom det melding om MC-uhell på E39 ved Svegatjørn.

– Motorsykkelen skal ha sklidd i ein sving på påkøyringsrampen i nordgåande retning, på sørsida av Skogafjellstunnelen.

Førar er ei kvinne i tenåra med adresse utanfor Bjørnafjorden kommune.

– Ho sa ho kjente smerter i skulder og hofte, men framsto elles som uskadd.

Det var våt vegbane då uhellet skjedde. Førar bles til 0,0 promille og vart dimittert på staden etter sjekk av ambulanse.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.