Lokal | 02. mai 2020

Fartskontroll og tjuveri av båthengar

Fekk tre prikkar på Hegglandsdalsvegen.

Fartskontroll og tjuveri av båthengar
Hegglandsdalsvegen. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. mai 2020 07:38

Torsdag i 14.30-tida fekk politiet melding om tjuveri av tilhengar.

– Tilhengaren er ein båthengar av merket Tysse. Den sto i Kuvågen då den blei tatt, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Politiet veit ikkje om den er funnen.

– Det har ikkje kome inn nokre fleire meldingar om den.

Tre tatt i snittmåling

Fredag 1. mai, frå klokka 10.30, hadde politiet snittmåling på Hegglandsdalsvegen.

– Tre av dei målte bilistane køyrde for fort og fekk forenkla forelegg.

Høgaste målte fart var 67 km/t i 50-sona. Det resulterte i 5.500 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Breie dekk gav bruksforbod

Seinare fredag, i 18-tida, blei ein annan bil stoppa på Hegglandsdalsvegen.

Det blei tatt teknisk kontroll på bilen, ein personbil der eigar fekk bruksforbod.

For breie dekk skal vera blant det politiet noterte seg.

  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.