Lokal | 24. mai 2019

Fastkøyrd buss fekk assistanse av UTV

Ein bil fekk motorstopp i 70-sona på E39, ein buss køyrde feil i Lysefjorden og ein flokk kalvar stakk av på Halhjem.

Fastkøyrd buss fekk assistanse av UTV
Bussen måtte rygga i 40 minutt, men fekk hjelp til å halda bilane vekke av ein ungdom på UTV. (Lesarbilde, foto: Daniel Drange)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. mai 2019 08:10

I haust var det to bussar frå Skyss som køyrde seg fast i forsøk på å ta «gamlevegen» til Drange, i februar fekk ein vogntogsjåfør 5.500 kroner i bot etter å ha prøvd å køyra Ole Bulls veg over Søvikåsen.

Torsdag formiddag trassa ein turbuss dei same skilta, som seier maks 3 tonn akseltrykk og maks 8 meter.

– Eg skulle ikkje møta på skulen før 11.45 i går, men kom likevel for seint. Då eg kom på toppen av Søvikåsen, før svingane ned mot Ulven, sto ein buss fast og måtte rygga, fortel Daniel Drange.

Han køyrer UTV, og sette på varsellys for å eskortera bussen baklengs ned igjen. Det tok 40 minutt.

Motorstopp og dirigering

Klokka 22.05 torsdag kveld fekk politiet melding om stopp i trafikken på E39.

– Ein bil hadde fått problem rett etter ein bakketopp i 70-sona mellom UnoX og Storestraumen. Vi rykte ut og dirigerte fram til bergingsbil kom.

I løpet av torsdag blei ei lastebil stoppa nord for Os sentrum. Bilen hadde skilt i glaset og fekk pålegg om å montera kjenneteiknet der det skal vera.

Kalvar funne igjen

Torsdag i 6-tida fekk politiet melding om kalvar som var sakna frå beite på Halhjem.

– Desse blei funnen igjen på eit jorde klokka 08.30 i dag, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.