Sport | 05. mars 2015

Fastlåst situasjon for Simen

Åsane har kome med bod, men langt unna det Os vil akseptera. Om seks dagar reiser Åsane på treningsleir, med eller utan Lassen.

Fastlåst situasjon for Simen
Det blei ikkje Tippeliga-debut for Simen i Brann. No står 1. divisjon med Åsane i fare for å ryka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mars 2015 21:56

Åsane Fotball slit med å betala utdanningskompensasjon for spelarane dei ønskjer med seg i stallen.

Ein av dei er Simen Helland Lassen, som har spelt dei fleste ungdomsåra sine i Os før han dei siste åra har vore i SK Brann.

Les òg: Åsane vil forhandla med Os

Åsane og Os er framleis ikkje einige, men Åsane kom etterkvart med eit tilbod.

– Vi har fått eit skamtilbod, eit som er langt unna noko vi kan ta opp til vurdering, sa sportssjef i Os Fotball, Lars Bakkerud til Midtsiden tidlegare denne veka.

– Det hastar for oss. Viss ikkje vi får til ei ordning må vi berre sei «dessverre», til Simen, seier sporssjef i Åsane Fotball, Trond Bjørndal.

– Håper Simen forstår

Ifølgje regelverket skal Åsane ut med 110.000 kroner. I februar gjekk klubben ut i BT og sa at dei meiner dei høge satsane står i vegen for talentutvikling.

– Dei veit vi har eit regelverk. Ved å prøva å unngå dette så undergrev dei det arbeidet som blir gjort ute i breddeklubbane. Eg synest det er lite sjarmerande å gjera seg sjølv til offer på denne måten, seier Bakkerud.

Utviklingssjef i NFF, Stig Inge Bjørnebye, meiner kritikken frå Åsane er sjølvmotseiande. Han påpeikar at regelverket er omtrent likt i heile Fotball-Europa og at det blir stilt stadig høgare krav til breddeklubbane sitt talentarbeid. Då skal dei også ha noko igjen for det.

– Vi ønskjer at Simen og andre talent skal få spela på det nivået dei er klare for. Men viss vi berre skal gje vekk spelarar til naboklubbar som rykker opp så øydelegg vi for kvarandre, ikkje berre i Hordaland, men i heile landet. Klubbane bør førebu seg på nye sportslege nivå også økonomisk, meiner Bakkerud.

– Eg forstår at Simen er veldig gira på å spela for Åsane, og eg har hatt samtalar med han for å forklara vårt syn på saka. Eg håper det ordner seg, men eg håper også at Simen forstår kvifor dette med kompensasjon er ei viktig sak, både for oss og for andre.

Trivst i Åsane

Sjølv seier Simen at han forstår at Åsane ikkje har råd, men han trivst i klubben og håper å bli verande.

– Det skal ha vore nokre klubbar som har vist interesse, men det er Åsane eg vil spela for. Eg vil uansett avventa mens klubbane disukterer kompensasjon før eg tenkjer på andre klubbar.

– Kva om det ikkje ordnar seg? Er Os aktuell?

– Om dei står i vegen for at eg kan spela for Åsane så er eg ikkje så veldig motivert for det, seier Simen om eit eventuelt steg frå 1. divisjon til 3. divisjon.

– Har du forståing for at dette med kompensasjon er viktig for Os?

– Åsane har klart å bli einige om spelarar frå fleire andre klubbar. Eg hadde håpa på at Os ville vera like imøtekomande.

Kunne dei ha førebudd seg betre?

På spørsmål om kvifor Åsane Fotball ikkje klarer å løysa ut dei spelarane dei ønskjer seg, seier sporsleg leiar Trond Bjørndal at dei rett og slett ikkje har ein eigen pott til spelarkompensasjon.

– De har vore nær opprykk fleire år på rad. Kvifor er de ikkje førebudd økonomisk?

– Vi har ikkje vore nær opprykk. Vi har leia serien til sommaren i 2012 og 2013, men då 2013 var over hadde vi hatt ein så dårleg haust at vi berga plassen med berre eitt poeng.

Han vil ikkje ut med kva som ligg i tilbodet til Os, men seier at forhandlingskortet er auka prosentdel til moderklubben ved eit eventuelt sal på eit seinare tidspunkt. Han nemner ein spelar som for nokre år sidan skulle til Mjøndalen. Då gav Åsane tilbod om 20.000 i kompensasjon og 20 nye tusen når vedkomande hadde spelt 20 kampar. Det ville ikkje Mjøndalen betala, ifølgje Bjørndal.

– Vi har blitt einige med Lynbø om Joachim Soltvedt og er også i forhandlingar med Bjarg og Bergen Nord. Om Os skal ha full pott så vil Simen kosta oss det same som tre andre. Då må vi seia nei til Simen.

Sendte nytt tilbod i dag

Bjørndal sat med eit siste tilbod til Os mens Midtsiden var på tråden.

– Eg sender dette no. Om ikkje vi har positivt svar innan eit døgn eller to så er saka avgjort, då får vi ikkje Lassen speleklar tidsnok og må lata han gå.

Torsdag kveld seier Bakkrud at han har sendt saka over til styret. Med sine eigne kommentarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.