Lokal | 12. sep. 2015

Favorittane vann politikarstafetten

Venstre sette ny banerekord og stakk av med sigeren i politikarstafetten under opninga av Os Idrettspark i dag.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. sep. 2015 12:31

Bildeserie:

MdG kom på 3. plass. (Foto: KVB)
MdG kom på 3. plass. (Foto: KVB)
TvS tok 2. plassen. (Foto: KVB)
TvS tok 2. plassen. (Foto: KVB)
Os Venstre stakk av med sigeren. (Foto: KVB)
Os Venstre stakk av med sigeren. (Foto: KVB)
1 av 3
MdG kom på 3. plass. (Foto: KVB)
TvS tok 2. plassen. (Foto: KVB)
Os Venstre stakk av med sigeren. (Foto: KVB)

Alle dei ni politiske partia i Os tok utfordringa frå Os Turn friidrett på strak arm og stilte til 4 x 100 meter stafett under opninga av Os Idrettspark i dag.

Opningsstemnet var godt i gang då prosjektleiar og ordførar klokka 13.30 heldt opningstale og klipte snor, så var det tid for prestisjefull oppgjer.

Favorittane Venstre stilte med fotballspelar, bartendar og student Simon H. Aasen hadde ein god førsteetappe og eldstemann på laget, komponist Glenn Erik Haugland klarte seg ikkje så verst før han gav pinnen til Mari Lund Eide.

Friidrettsinstruktøren suste inn til ordførarkandidat Jon Sivert Rykkel på siste veksling, og unge Rykkel hadde ikkje problem med å halda leiinga over målstreken.

TvS på 2. plass

TvS tok 2. plass, MdG 3. plass framfor Høyre på 4. plass.

KrF låg an til 5. plass, men snubla. Frp kom inn bak Høyre mens Ap, SV og Sp kom på dei neste plassane før KrF kom seg på beina og spaserte i mål.

Os Turn stilte med eit ungdomslag som hare, men dei kom i mål rett bak Venstre, som med det sette banerekord med tida 56,58.

Midtsiden kjem tilbake med video og fleire bilde frå stafetten (og opningstalane og opningsstemnet).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.