Lysekloster il | 04. aug. 2021

«Fedé» frå Argentina klar for Lysekloster

Styrkar stallen med utanlandsk midtstoppar.

«Fedé» frå Argentina klar for Lysekloster
Smith har vakse opp i Argentina og kjem frå collegefotball i USA til Norsk Tipping-ligaen. (Foto: Lysekloster Fotball)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. aug. 2021 11:49

– Dette var eit gledeleg samantreff, seier hovudtrenar Ruben Hetlevik.

Frederick «Fedé» Smith (22) frå Argentina ville oppleva Noreg, og tok kontakt for å invitera seg sjølv på trening.

– Han har familie i Noreg, bestefaren kjem frå Bergen, men har vakse opp i Argentina. No har han spelt collegefotball i USA, der han også blei seriemeister fleire gongar, men ville ha eit pauseår frå studiene og samtidig oppleva Noreg for første gong.

Midtstopparen har gjort god figur på trening.

– Han har ein gamaldags stil, tøff og sterk, med hjartet på utsida av den ferske drakta.

Mr Smith har ein lettare skade, og blir ikkje klar til seriestart borte mot Sogndal 2 søndag, men Hetlevik håper å ha han speleklar til andre serierunde.

– Vi har ein del langtidsskadar, så det passa godt at han tok kontakt. Det er mogleg at det kjem ei signering eller to til, men stallen ser allereie ganske solid ut.

Toppskårar Sien August Næss blei skadd i første treningskamp, men er kanskje klar allereie til helga.

Men Peter Aase, Johan Stormyr, Håkon Brautaset Botn, David Campher og Peter Hasund er blant spelarane som ser ut til å mista heile eller nesten heile sesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.