Lokal | 02. feb. 2014

Feil signal med statleg plan

Lesarinnlegg: Ferjefri E39 – vern om lokaldemokratiet i 2014.

Feil signal med statleg plan
Regjeringa vil bruka "statleg plan", noko som kan føra til lite makt til Os kommune når det kjem til planlegging av ilandføring og vidareføring av ny kyststamveg gjennom Os. (Ill: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. feb. 2014 08:46

Å styrke brei, folkeleg deltaking i politiske prosessar er ei av Venstre sine aller vikitigaste saker. Difor er Venstre opptatt av å ikkje berre hegne om, men også utvikle lokaldemokratiet slik at fleire vil engasjere seg politisk, ikkje minst i Grunnlovsjubileet 2014.

I programmet til Venstre står det mellom anna:

Venstre vil styrke det lokale selvstyret og gi folk økt innflytelse over egen hverdag. Det lokale selvstyret innskrenkes stadig mer av statlig detaljstyring og taper terreng overfor statlige forskrifter, rundskriv og stortingspolitikeres trang til å blande seg opp i små ting. Venstre mener maktsentraliseringen er alvorlig og uønsket spesielt fordi vi trenger å flytte mer makt og flere oppgaver over til lokaldemokratiet.

Den 20. desember 2013 vedtok regjeringa å legga midtre trasé til grunn for den vidare planlegginga av ferjefri E39 - Hordfast. I brevet sendt samme dag frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet står det m.a.: «Prosjektet skal planlegges etter statlig plan etter plan og bygningsloven (pb1) på det nivå der konkrete traser fastsettes, dvs kommunedelplan».

Bruken av statlig plan i vegutbyggingsaker er eit stort og uvanleg grep, og gjerast i fylge ei lovkommentar utarbeida av Klima og Miljødepartementet i 2009 berre i unntakstilfelle, og gjerne i tilknytting til nasjonale natur og miljøvern omsyn:

Statlig plan bør imidlertid bare benyttes i situasjoner hvor det ikke kan ventes at den ordinære kommunale eller regionale planleggingen vil føre til et resultat som kan godtas av staten. Bruk av statlig arealplan er derfor å anse som en unntaksordning i forhold til det ordinære plansystemet.

Då bruken av statlig plan i tilknytting til planlegginga av Ferjefri E39 er relativt dårleg argumentert for, finnest det ingen grunn til å setja til side den kommunale arealplanlegginga og det lokale sjølvstyret. Vegprosjektet vil vera eit stort arealmessig inngrep i dei kommunane som dette rører ved, og som kjent er det mange viktige omsyn som treng solid lokal forankring om samfunnet skal få den beste løysinga.

Å ty til ei statleg planprosess i ei så stor og viktig sak for heile Hordaland, er å sende feil signal til innbyggarane. Denne framgangsmåten vil kome til å svekke kvaliteten ikkje berre på sjølve planen, men heile utbygginga av denne viktige vegen.

Os Venstre stiller seg avvisande til bruken av statleg plan i tilknytting til utbygginga av Hordfast - Ferjefri, E39 Bergen - Aksdal, og vil heller at regjeringa sikrer god lokaldemokratisk deltaking ved å bruke kommunal arealplanlegging.

Årsmøtet i Os Venstre
29. januar 2013

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.