Feira 50 år med open dag

Os Jakt- og Fiskelag tok imot både komande medlemmar og ferskaste æresmedlem.

Hordaland Jakt- og Fiskelag stilte med stand og gåve på Os sitt jubileum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. aug. 2018 21:11

Bildeserie:

Nicholas med dua i siktet. (Foto: KVB)
Sara og Remi var med på å stella jubileumsfesten i stand. (Foto: KVB)
Hordaland Jakt- og Fiskelag stilte med to representantar. (Foto: KVB)
Leiar i Os, Hogne Markhus, med gåva frå fylkeslaget. (Foto: KVB)
Nyaste æresmedlem, Bjørn Eitrheim. (Foto: KVB)
Her er alle åtte æresmedlemmane. (Foto: KVB)
Delar av dagen var veldig våt. (Foto: KVB)
Kristian Haugland viser dei yngste, her er Luis klar for leirdueskyting. (Foto: KVB)
Remi Lindborg viste Jakob nokre tips. (Foto: KVB)
Nicholas med dua i siktet. (Foto: KVB)
Sara og Remi var med på å stella jubileumsfesten i stand. (Foto: KVB)
1 av 9

– Vi fann ut at vi heller ville feira jubileet saman med ein open dag enn ein fest for medlemmar, seier Sara Behzadzadeh.

Sara er kvinnekontakt, leiar av hagleutvalet og i spissen for arrangementet i og utanfor Ulvehiet laurdag.

Frå klokka 10 til 16 kunne gjestar koma på grillmat, kaffi og kaker - og prøva ulike våpen på ulike banar.

– De yngste har skote på ballongar, ungdomane og dei vaksne har skote på blink og leirduer.

Over 500 medlemmar - og 8 æresmedlemmar

Os Jakt- og Fiskelag er blant dei største i fylket.

– Det har alltid vore aktivitet og vekst i laget. Då eg byrja her var det éin skytebane, det meste andre som er her har kome etter 1994, seier Bjørn Eitrheim om anlegget.

• Les òg: Treffsikker opning av ny bane (2017)

På årsmøtet i mars i år blei han, som første utanom dei som i 1968 var med og stifta laget, kåra til æresmedlem.

– Eg flytta til Os i 1977 og meldte meg inn i laget i 1983. Eg er ein av nykomarane, seier Bjørn etter 35 år som medlem.

Hovudinteressa er skyting, men han har supplert med fiske. Bjørn har sete i styret og i dei fleste av utvala og er æresmedlem nummer 8.

Dei andre æresmedlemmane er: Knut Kopperud, Helge Elias Flaterås, Henrik Eidsvik, Jonn Forstrønen, Sverre Bøyum, Harald Gjerde og Lars Rød.

Stilte med gåve

Jaktia (tidlegare Våpen-Søilen) var på plass med stand og demovåpen.

Hordaland Jakt- og Fiskelag stilte med stand og gåve til jubilanten; ei utstappa siland.

– Eg synest dagen har vore heilt topp, og eg synest det har vore bra med besøk trass regn og kollisjon med Osløpet, seier leiar Hogne Markhus.

Delar av jaktsesongen er i gang, tysdag er siste av dei tre årlege Jegerprøve-kursa over (neste i januar) og 1. september startar årets hjortejakt.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.