Feira FN-dagen
VIDEO: Elevane ved Os barneskule er opptekne av at barn har det bra. Onsdag feira dei FN-dagen i duskregnet.
24. oktober er FN-dagen. For første gong markerte elevane ved Os barnskule dagen med ei felles feiring rundt flaggstanga.
- I år har vi samla alle elevane til heising av FN-flagget, sang og appell, fortel rektor Beate Moberg.
VIDEO: Sjå og høyr elevane markera dagen med sang i videoen nedanfor.
- Resten av markeringa vil gå føre seg i kvar einskild klasse.
- Sidan vi har elevar frå mange nasjonar på skulen følte vi det både riktig og viktig å markere dagen og det FN står for, spesielt med tanke på barnekonvensjonen og barn sine rettar. Allereie har vi snakka om at vi til neste år kanskje skal gjera enno meir ut av markeringa og trekkje dei forskjellege nasjonane meir med, forklarar rektor.
Treng FN like mykje no som då
Elevrådsleiar Maren Tvederøy Eidsvik og nestleiar Ingrid Fagerbakke frå sjuande klasse held appell for dei andre elevane.
- FN arbeider for å gjera verda til ein bedre stad for alle menneske. FN er spesielt oppteken av at alle barn skal vera trygge, kunne få gå på skule og eta seg mette, fortalde dei to elevrådsrepresentantane.
- FN har hindra krigar mellom land, og vore med på å gjera verda til ein mykje betre stad å vera no enn for 67 år sidan. Aldri har menneskerettane stått sterkare.
- Her på skulen har dei aller fleste det veldig bra, men vi veit at mange barn i verda ikkje har det like godt som oss, fortalde dei to som òg peika på det arbeidet FN gjer får å hjelpa barn med mat og ein skikkeleg stad å bu.
- Vi treng FN minst like mykje i dag som då FN blei fødd for 67 år sidan.
VIDEO: Sjå og høyr elevane ved Os barneskule synge for å markera FN-dagen (foto: Andris Hamre)