Næringsliv | 15. feb. 2019

Feirar Æ-suksess på 40-årsdagen

Kundane i Os fekk til saman 2,6 millionar kroner i rabatt i 2018.

Feirar Æ-suksess på 40-årsdagen
Pensjonert marknadssjef i regionen, Nils Vangsnes, hjelper Trond Hope på kjeda sin 40-årsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. feb. 2019 12:37

Æ-appen til Rema 1000-kjeda fekk ein brakstart då den blei lansert i starten på 2017. Allereie etter knappe to månadar hadde over éin million kundar lasta ned appen.

– I spørjeundersøkingar svarer kundane at det er den personleg tilpassa rabatten dei har sans for, altså avslag på varene du handlar mest. Tilbod på hundemat sel ikkje så godt til katteeigarar, forklarer kjøpmann Trond Hope hos Rema 1000 Kuven stasjon.

34 prosent av kundane hans bruker appen, som i tillegg til fast rabatt på frukt og grønt gir avslag på varene kvar enkelt handlar ofte.

4,3 millionar i lokal rabatt

I 2017 var det to Rema-butikkar i Os. Kundane fekk til saman rundt 1,7 millionar kroner i samla Æ-rabatt.

Frå mai i fjor sto berre éin Rema-butikk igjen, likevel blei det gjeve heile 2.583.000 kroner i rabatt, der Rema Kuven stasjon sto for nesten 2,3 millionar.

Frukt, grønsaker ost og brus er blant varene som er mest hyppig på topp 10-lista til kundane.

Tips: Sjekk topp 10-lista di

– Vi har òg enkelte kampanjar retta mot alle med Æ, då ser vi at nye nedlastingar kjem og mengda brukarar aukar.

– Korleis har det tekniske fungert?

– Det var litt trøbbel i starten, systemet hadde rekna med å nå ein halv million brukarar i løpet av seks månadar, ikkje det dobbelt i løpet av åtte veker. Og så var det innføring av nytt EU-direktiv innan personopplysingar (GDPR) i fjor haust, der brukarane måtte inn og godkjenna nyformulerte vilkår.

– Elles har det vore enkelt, folk lastar ned, registrerer bankkortet sitt og treng ikkje bruka appen igjen før dei anten vil justera topp 10-lista eller skifta bankkort.

Hope vil samtidig gi kundane eit lite tips:

– Appen lager automatisk ei topp 10-liste, men den kjem òg med forslag til varer du kan skifta ut. Forslaga er ofte gode.

– Har du nettopp handla mykje av noko du ikkje skal handla igjen på ei stund, for eksempel ein liten haug med lyspærer, kan det vera greit å skifta dette ut med makrell i tomat, om det er noko du har på skiva kvar veke.

Feirar 40 år med kake og pizza

I dag blir det delt ut kake og pizza i butikken, men det er ikkje for å feira Æ-suksessen.

– Kundane våre treng ikkje venta eit år på rabatten, dei får den på kvar handletur. I dag markerer vi at kjeda er 40 år.

Hope har vore med sidan 1990, altså i 3/4 av tida.

– Den gong var taco ganske eksotisk. I dag, med fleire TV-kanalar, mange matprogram, internett og sosiale media, er folk meir internasjonale. Dei ventar meir av utvalet vårt.

– Det er ikkje lenger berre 1000 varer i utvalet?

– Vi passerte tusen varer i god tid før 1990. No har vi rundt 4000 varer. Men grunnprinsippet er det same, enkel og effektiv drift, uten fleire varelinjer enn vi klarer å handtera til ein låg pris. Sortimentet er stadig i endring, tilpassa sesong og trendar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.