Lokal | 04. feb. 2019

Feirar ny tittel med nye antrekk

Alle dei 23 helsesøstrene i Os har «forsvunne».

Feirar ny tittel med nye antrekk
13 av Os sine 23 helsesjukepleiarar er frå i dag kledd opp for å visa den nye tittelen sin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. feb. 2019 08:32

Visste du at helsesøstre er sjukepleiarar med vidareutdanning? Visste du at av over 3000 helsesøstre er det ifølgje sykepleien.no berre 11 menn?

Helsesøster-tittelen har vore debattert sidan 1960-talet, og i 2015 vedtok Norsk Sykepleierforbund (NSF) ønske om kjønnsnøytrale titlar for spesialsjukepleiarar.

12. september 2018 lanserte Helseministeren og Barne- og likestillingsministeren tittelen «helsesjukepleiar».

– Eg er glad tittelen har blitt kjønnsnøytral. Det er mange menn som utdannar seg som sjukepleiar, men veldig få som tar vidareutdanning i retning den tidlegare helsesøster-tittelen, seier Anne-Marie Ytredal.

Ingen «helsebrødre» i Os

Anne-Marie er ein av Os sine 23 helsesøstre som no har fått ny tittel. Saman med tre jordmødre, éin psykolog og éin på merkantil utgjer dei «forebyggande teneste» i Os kommune. Dei har ingen mannlege kollegaer.

– Då eg var ferdig med vidareutdanninga mi for 5-6 år sidan, var det vanskeleg å få jobb. No har eg inntrykk av at det er vanskeleg å rekruttera mange nok. Kanskje denne tittelendringa kan hjelpa. Eg har i alle fall høyrd at det i haust var fleire søkjarar enn før.

Helsesjukepleiarane i Os jobbar på barneskular, ungdomsskular, vidaregåande - på helsestasjonen og på helsestasjonen for ungdom, som ligg i Os rådhus.

– Elevane kjem nok til å halda fram med å kalla med helsesøster, tittelen er godt etablert. Men eg er glad for namneendringa og førebudd på at det vil ta litt tid å få den over på folkemunne, seier Janniche Rogde.

I dag kledde alle seg opp i tskjorter og gensarar som leiaren har bestilt inn.

– Vi synest det var ein god idé å kle oss opp med ny tittel. Det kan vera med på å få folk til å ta den i bruk!

• Les meir om namnevalet på NSF.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.