Politi | 07. okt. 2025

Fekk 13.050 i fartsbot

Blei stoppa på Halhjemsvegen i natt.

Fekk 13.050 i fartsbot
På post for å vinka inn eventuelle «avhopparar» frå 80-sona under ein tidlegare kontroll. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 07. okt. 2025 09:16

Klokka 01.30 natt til tysdag blei ein. bilist stoppa etter fartsmåling på E39.

– Vedkomande, som er i 30-åra, blei målt til 110 km/t i 80-sona på Halhjemsvegen, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Det gir eit forenkla førelegg på 13.050 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Køyrer du i 111 km/t blir det 15.600 kroner, og frå 116 km/t er det førarkortbeslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om