Kultur | 17. mai 2019

Fekk 20.000 kroner kvar

Os kommune delte ut årets kulturstipend frå scenen under 17. maifeiringa.

Fekk 20.000 kroner kvar
HM Johnsen og Amalie Evensen blei i dag tildelt Os kommune sitt kulturstipend. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. mai 2019 16:10

Under dagens markering på Kyrkjeflaten, etter at kultursjef Lisbeth Axelsen hadde sagt ord for dagen, delte ordførar Terje Søviknes ut kulturstipend frå Os kommune.

Det var fremja tre kandidatar, som alle var kvalifiserte, men kommune har berre to stipend å dela ut.

Årets kulturstipend gjekk til musikar Hans-Marius (HM) Johnsen og skyttar Amalie Evensen.

Kvar av dei får eit stipend på 20.000 kroner.

HM Johnsen hadde ikkje søkt, men blei fremja av ordføraren sjølv.

• Midtsiden sendte direkte frå Kyrkjeflaten. Tildelinga av kulturstipend ser du 1.32,00 ut i sendinga.

Om stipendiatane:

Hans-Marius Johnsen 21 år, musikar
Han går under namnet HM Johnsen, er soloartist med band. Desse dannar ein trio. Dei vann Unionscupen på Notodden Bluesfestival, og var Unionsband i 2018. Det er eit rekrutteringstiltak for unge artistar. Kriteria for å bli det er musikalske ferdigheter og uttrykk, scenemessige kvalitetar, eigenart og eigne komposisjonar, samt muligheit for utvikling og vidare karriere. Mellom anna inneberer det speling på festivalar i USA og Tyskland. HM Johnsen har vært og vil bli sett på bluesklubbar over heile landet framover. Han er bandleiar, gitarist, songar og komponist. Han søkte kulturstipend i 2017.

• Video og bildeserie: HM Johnsen live i Oseana (desember 2018)

Søknaden der Amalie Evensen blir fremja, ramsar opp ein imponerande CV
Amalie Evensen er ei målbevist ung jentae på 18 år, som bur i Os kommune - «aust om elvo». Ho er veldig aktiv innan sportsgreina skyting, både DFS (Det frivilligeskyttervesen) og NSF (Norsk skytterforbund). Ho har eit «hårete mål»: Å koma på Kongelaget innan fem år.

For å nå dette målet, krevs det at ein er på topp utstyrsmessig, er godt mentalt trent, og ikkje minst at du har mykje grunnleggjande trening. Allereie til neste år kan dette skje, for då vert ho seniorskyttar.

Dersom Amalie vinn dette stipendet, er ønskjet å skaffa seg ein målsydd skyttardress. I tillegg til å vera ein god skyttar, deler også Amalie villig frå seg med god kunnskap og erfaringar for å gjera andre til bedre skyttarar. Ho er ein særs god ambassadør for skyttarsporten, samt ein god relasjonsbyggar innad skyttargruppa - både lokalt, regionalt og nasjonalt.

• I 2015, som 15 åring og Eldre Rekrutt skyttar, leda Amalie Landsskytterstevnet då innledande skyting var ferdig skutt, og det var første gong ein osing har gjort dette på 31 år. Innleiande skaut ho 250 med 24 innertiarar. I finalen skaut ho 100 med 8 inntertreff, og endte med det på ein flott 5. plass.

• På Landsskytterstevnet i 2016 blei Amalie noregsmeister i lagsskyting for eldre rekrutt/junior saman med 3 andre. Individuelt skaut ho seg også til ein flott 4. plass i feltskytinga.

• 2018 blei eit veldig bra år for Amalie. På Landsskytterstevnet i Stjørdal blei ho nr 4 etter banefinalen og nr. 8 etter feltfinalen, med beste felt finaleresultat i sin klasse. I 2018 åleine har Amalie 22 pallplasseringar på 37 stemne. Av desse 22 pallplasseringane er 9 førsteplassar.

Amalie har dei siste fire åra vore med å prega noregstoppen i skyting, jfr Topp 100-lista til Det frivillige skyttarvesen, som er ei liste over alle gjennomførte stemne i Noreg - totalt i den enkelte klasse. I 2018 kom Amalie på 2. plass i sin klasse.

Amalie Evensen er ei inspirerande dame som ønskjer å bli endå betre innan skyting. Ho bruker mykje tid og midlar på å utøva sporten sin. Derfor håper vi Os kommune ser den positive marknadsføringa som Amalie gjer for både kommune og sport, og håpar at ho kan vera ein god kandidat for Os sitt Kulturstipend 2018.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.