Kultur | 26. juni 2020

Fekk 50.000 kroner «ut av ingenting»

Os Musikkforening gledeleg overraska over pengestøtte.

Fekk 50.000 kroner «ut av ingenting»
Os Musikkforening, her på konserten søndag. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. juni 2020 11:06

Os Musikkforening, som viste gjensynsglede i Oseana søndag, blei i går tildelt 50.000 kroner i «korona-støtte» frå det nye fondet «OBOS Jubel».

– Det var tilfeldig at vi såg annonsen deira, dette er ei støtte vi ikkje hadde rekna med, seier leiar Marit Aasheim Valle.

• Sjå video frå konserten søndag

Som andre frivillige lag, jaktar dei stadig på inntektskjelder. Etter opprykket til 1. divisjon i fjor, har utgiftene auka noko til instruksjon. Musikkforeninga har dessutan valt å løna dirigenten sin gjennom koronakrisa, trass at dei ikkje har kunna øvd saman.

– Kva inntekter har de mista, sett vekk frå Før-NM-konserten de skulle hatt i vår?

– Vi kalkulerer ikkje med noko særleg inntekter på konsertane, der er vi nøgd om det går nokolunde rundt. Men då vi ikkje kunne stå med lykkehjul og sal av kaffi, vaflar og lodd på Vårsleppet, mista vi rundt 50.000 kroner.

Kort søknad gav full klaff

I går blei det klart at alt er henta inn igjen.

Alle dei 475.000 medlemmane i OBOS blei inviterte til å delta i den nasjonale dugnaden ved å senda inn forslag til kven som skulle få pengar frå det nye fondet.

– Vi hadde heldigvis medlem blant våre. Det var lagt opp til ein kort søknad, så vi nemte tapte inntekter og fortalde kort om Os Musikkforening, at vi rykte opp i fjor, og at vi har med oss ein del ungdomar, seier Kjersti Aak Garlid.

Nokre av ungdomane speler framleis òg med Os skulekorps.

Ho forma søknaden saman med Ingeborg Steinkjer.

OBOS fortel at det kom inn 1.200 søknadar. Kvart lag kunne få maksimalt 200.000 kroner.

Det er no delt ut til saman 40 millionar kroner til 556 idrettslag og foreiningar. Os Musikkforening er einaste mottakar i Bjørnafjorden kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.