Lokal | 19. apr. 2018

Fekk 580.000 til kjegle- og musikkhall

Stiftelsen som skal ta vare på musikkhallen og kjeglehallen på Skorpo får 580.000 kroner frå kulturminnefondet.

Fekk 580.000 til kjegle- og musikkhall
Kjeglehallen på Skorpo blei bygd i 1916. (Bilde frå 2009, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 19. apr. 2018 07:21

I 2005 selde Posten Funksjonærforening, som då gjennom 80 år hadde brukt eigedommen på Skorpo som ferieheim området. Os kommune, saman med staten og Bergen og Omegn Friluftsråd sikra delar av eigedommen for ålmenta, medan Skorpo Utvikling AS kjøpte den andre delen av eigedommen.

Dette inkluderer fleire hus og hytter, gamle vinkjellarar, kjeglehallen og musikkhallen som sto ferdig i 1916.

– Dei har organisert ein stiftelse for å ta vare på dei gamle bygningane. I går fekk dei òg kommunen vitjing frå Kulturminnefondet, som kom med ein god nyheit.

Stiftinga heiter «Ivaratagelse av Fridtjof Sundts musikkhall og kjeglebane».

– Stiftinga får nemleg 580.000 kroner frå fondet for å ta vare på musikkhallen og kjeglehallen, fortel ordførar Marie Bruarøy.

– Eg var sjølv med på ein lunsj saman med dei og det er spennande at dei no får rusta opp desse bygga. Dei ymta frampå at dei nok treng litt hjelp til drift i framtida. Eg tenkjer då at dette kan vera eit prosjekt som kjem inn under ordninga med kulturmidlar om det blir tilgjengeleg for ålmenta.

Fleire kan søkje

Bruarøy fortel at Kulturminnefondet ikkje akkurat har blitt nedlessa av søknader frå Os.

– Det blei vel sagt at dei berre har fått tre-fire søknader frå Os. Kulturminnefondet prioriterer å tildele midler til privatpersonar og private stiftingar som har kulturminner som dei er pålagt å ta vare på, så her er det moglegheit for dei som har ting dei er nøydde til å ta vare på, men som dei slit med å finna midlar til.

– Leiaren i Kuturminnefondet kjem gjerne tilbake til Os for å fortelje meir om ordninga og fondet. Vi tek sikte på å få til eit slik foredrag i løpet av året, kor interesserte kan komma og høyre meir om ordninga.

Kulturminneplanen viktig

Eit viktig kriterie i utvelging av objekt som skal få støtte er at det er med i kommunen sin kulturminneplan.

– Difor er det arbeidet som vi er godt i gang med, nemleg kulturminneplanen for Os, eit viktig arbeid. Den kan bli eit godt verktøy også for andre enn kommunen i framtida, avsluttar ordføraren.

Kjeglehallen på Skorpo blei bygd i 1916 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjeglehallen på Skorpo blei bygd i 1916 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.