Lokal | 03. jan. 2020

Fekk 59.000 kroner i bot

Blei stoppa med høg promille på morgonkvisten.

Fekk 59.000 kroner i bot
Ein mann frå Os måtte møta i retten i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. jan. 2020 09:08

Ein mann i 40-åra frå Os måtte starta det nye året med å møta i retten.

I går blei han dømt for promillekøyring.

Mannen blei stoppa på Byvegen klokka 06.40 ein søndag i juli. Blodprøve tatt ein halvtime seinare viste ein alkoholkonsentrasjon på 2,33.

Sikta møtte i retten og tilsto. Han samtykka i avgjerd ved tilståelsesdom.

Skjerpande forhold

Påtalemakta kom med påstand om 30 dagar fengsel, 59.000 kroner i bot og tap av førarretten i 3 år.

«Av veitrafikkloven § 31, 2. ledd bokstav c) fremgår at det normalt skal reageres med bot og ubetinget fengsel, med promille på over 1,2. Siktede hadde en svært høy promille, noe som er straffeskjerpende. Siktede kjørte også over en lang strekning» står i det i dommen.

Utanlandsk førarkort

Sikta hadde utanlandsk førarkort, men retten slo fast at dei same reglane gjeld for tilbakekall av førarretten. Vidare viste dei til at tap av førarretten skal setjast til 2-5 år ved skjerpande forhold og promille over 1,2.

Mannen blei dømt til fengsel utan vilkår i 30 dagar, 59.000 kroner i bot og tap av førarretten i 2 år og 6 månadar. Han erklærte at han vedtok dommen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.