Politi | 10. feb. 2022

Fekk 7.250 kroner i forelegg ved fotgjengarfelt

UP hadde fartskontrollar i Os i går, og tok i tillegg ein bilist for brot på vikeplikt.

Fekk 7.250 kroner i forelegg ved fotgjengarfelt
UP i Storestraumen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. feb. 2022 08:57

Onsdag i 15-tida hadde utrykningspolitiet fartskontroll på E39 Byvegen nær Storestraumen.

I same område tok dei ein bilist for brot på vikeplikta.

– Vedkomande stoppa ikkje for fotgjengarar ved fotgjengarfelt, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Storleiken på forelegg for brot på vikepliktreglane er 7.250 kroner. I tillegg får du tre prikkar på førarkortet.

I fartskontrollen blei det gitt eitt forenkla forelegg til ein somkøyrde i 57 km/t i 50-sona, noko som gir 2.250 kroner i bot.

Det blei også delt ut eit forelegg for ulovleg bruk av handhalden mobil. Forelegga auka i fjor frå 1.700 til 5.000 kroner, og kan i år aka til 7.450 kroner.

Tok to på Hatvikvegen

I 18.50-tida hadde UP fartskontroll på Hatvikvegen.

Her blei det skrive ut to forelegg, høgaste fart var 65 km/t i 50-sona, noko som gir eit forelegg på 5.850 kroner og to prikkar på førarkortet.

Funn av sekk

I 20.50-tida i går blei politiet kontakta av nokon som hadde funne ein ryggsekk i Os sentrum.

Om det kan vera din sekk, ber politiet deg ta kontakt, skildra det som er oppi og, om det ser ut til å vera rett sekk, koma på politistasjonen på Moberg og henta den.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.