Politi | 15. juli 2021

Fekk 8.000 i gebyr på Halhjem

Statens vegvesen har hatt kontroll på Halhjem ferjekai i dag.

Fekk 8.000 i gebyr på Halhjem
(Arkivbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. juli 2021 13:29

Statens vegvesen har i dag hatt kontroll på Halhjem ferjekai.

– Hovudfokus var vekt og generell trafikktryggleik, skriv John Kåre Larsen i rapporten.

24 køyretøy var over kontrollplass, av desse blei 12 plukka ut for full sjekk.

Det blei gitt 3 bruksforbod, blant anna for fiskevatn som rann frå hengar, og 2 tekniske manglar.

Til 4 sjåførar som blei plukka ut til kontroll av køyre- og kviletid blei det skrive ut 8 åtvaringar.

Eitt køyretøy mangla avgiftsgrunnlag for å dra hengar, og blei rapportert til Skatteetaten, eitt mangla vognkort og eitt fekk gebyr på 8.000 kroner for manglande bombrikke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.