Fekk alle til å hoppa

1100 på familiefestival: Samsaya og Datarock fekk fart i ungane - og foreldra.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. juli 2012 09:39

Bildeserie:

Datarock blei boyband. (Foto: KVB)
Familiedag på Rock N LOL. (Foto: KVB)
Familiedag på Rock N LOL. (Foto: KVB)
Familiedag på Rock N LOL. (Foto: KVB)
Familiedag på Rock N LOL. (Foto: KVB)
Familiedag på Rock N LOL. (Foto: KVB)
Familiedag på Rock N LOL. (Foto: KVB)
MOT-ambassadørar; Samsaya og Kjersti Tysse Plätzer.
Familiedag på Rock N LOL. (Foto: KVB)
Datarock blei boyband. (Foto: KVB)
Familiedag på Rock N LOL. (Foto: KVB)
1 av 10
Familiedag på Rock N LOL.  (Foto: KVB)
Familiedag på Rock N LOL.  (Foto: KVB)
Familiedag på Rock N LOL.  (Foto: KVB)
Familiedag på Rock N LOL.  (Foto: KVB)
Familiedag på Rock N LOL.  (Foto: KVB)
Familiedag på Rock N LOL.  (Foto: KVB)
MOT-ambassadørar; Samsaya og Kjersti Tysse Plätzer.
Familiedag på Rock N LOL.  (Foto: KVB)
Datarock blei boyband. (Foto: KVB)

Med fengande låtar og fullasta med barnetekke sørgja Samsaya og Datarock for at rekordmange 1100 små og store sleppte seg fri under familiefestivalen på Rock N LOL laurdag.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Den populære gratisfesten på dagtid midt i rockefestivalen hadde rundt 1100 besøkande, cirka det doble frå rekordåret 2011.

Dans utan koreografi

Og gjestane fekk svært god valuta for oppmøtet. Samsaya kom rett frå konsert i Lakselv for å underhalda på dagtid før kveldens jobb, og ho fortalte inspirerande historiar til ungane mellom låtane, for til slutt å invitera ein god flokk opp på scenen for å dansa.

– Dans treng ikkje vera med koreografi, lytt til hjarta ditt og slepp deg fri, oppmoda ho.

Sjarmerte mødrene

Datarock var ikkje dårlegare - dei fekk fart i både ungar og foreldre, med allsong, hopp opp og ned, ein boyband-sekvens og fullt frieri til alle mødrene med "The time of my life" frå Dirty Dancing.

"And I owe it all to Rock N LOL", avslutta dei.

Bøttevis med vaflar

– Eg lagde 35 liter heimelaga vaffelrøre, men eg burde visst ha lagd ei bøtte eller to til, seier Mamma-LoL, Gudrun Elisabeth "Duddun" Lindborg.

Også t-skjorter gjekk det unna med, Samsaya signerte med ho var god for og Datarock selte ut alle t-skjortene i dei minste storleikane.

VIDEO: Sjå 2 minutt av familiedagen på Rock N LOL 2012. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.