Politi | 01. sep. 2021

Fekk åtvaring etter nestenulykke

Forklarte at han måtte svinga unna nokre humpar i vegen.

Fekk åtvaring etter nestenulykke
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. sep. 2021 08:32

I 21-tida tysdag fekk politiet melding om høg fart og køyring på feil side av vegen i Hegglandsdalen.

– Det skal ha ført til ei nesteulykke, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Patruljen fekk stoppa bilen noko seinare.

– Bilførar innrømte at han kanskje hadde køyrd litt fort, men forklarte køyringa i motsett felt med at han måtte svinga unna nokre humpar i vegen.

Bilførar, ein 18-åring frå Os, fekk ei muntleg åtvaring og ei oppmoding om å køyra meir varsamt.

I 03-tida i natt fekk politiet klage på støy frå ei adresse i Nordmarka.

Det var roleg på staden då politiet kom fram, og det kom heller ikkje fleire klagar i løpet av natta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.