Politi | 11. des. 2022

Fekk åtvaring grunna spor etter sladding

Kontrollerte bilførar på Kuventræ natt til søndag.

Fekk åtvaring grunna spor etter sladding
Idrettsvegen og Kuventræ, her med hjarte på veggen som no har fått logo. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. des. 2022 09:34

I 03-tida natt til søndag kontrollerte politiet ein bilførar som sto parkert på Kuventræ.

– Det var merke etter sladding på staden, men patruljen hadde ikkje sjølv observert sladdinga, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Vedkomande fekk ei åtvaring.

Natt til laurdag blei ein annan bilist observert mens han sladda. Vedkomande fekk førarkortet beslaglagt.

Det la seg eit dekke med snø etter natt til torsdag, og det snødde lett også natt til søndag.

I 23-tida laurdag kveld fekk politiet melding om mogleg gasslekkasje i ein bustad i eller nær Banktjørn (korrigert, vi fekk først opplyst at det var Søfteland).

Politi og brannvesen rykte ut, og dei som bur i huset blei evakuerte. Brannvesenet gjennomførte fleire målingar på staden, men fann ingen lekkasje og vurderte bustaden som trygg.

Laurdag morgon i 08.20-tida hadde politiet promillekontroll på Byvegen på Røykenes.

33 trafikantar blei kontrollert for promille utan at politiet fann noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.