Næringsliv | 10. juni 2013

Fekk avtale med Forsvaret

Askeladden Boats AS vann konkurransen og fekk rammeavtale om å levera RIB-båtar til Forsvaret. Også Politiet kan nytta seg av avtalen.

Fekk avtale med Forsvaret
Henrik Askvik og orlogskaptein Torill Herland. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. juni 2013 12:51

Dei siste åra har Askeladden satsa både på båtar til heilårsbruk og båtar til yrkesbruk under krevjande forhold.

Før helga signerte båtprodusenten i Askvik ein omfattande rammeavtale med Forsvaret.

– Vi gler oss veldig til å ta fatt på dette samarbeidet med det vi ser på som ein kompetent og krevjande båtkjøpar, ein kunde vi har stor respekt for, seier Henrik Askvik.

Avtalen blei signert etter ein grundig anbod- og evalueringsprosess, der Askeladden har konkurrert med fleire andre sterke aktørar.

Askeladden sine vinnarkriterie, i tillegg til høg teknisk standard, var svært konkurransedyktige prisar, korte leveringstider og inngåande kompetanse rundt båttypen RIB (Ridgid-Inflatable Boat).

– Godt fotfeste

Avtalen inneheld langsiktige leveransar av RIB-båtar frå 6 til 12 meter, med spesialutstyr tilpassa Forsvaret sine ulike bruksområde.

Politiets Data- og Materielltjeneste kan også nytta seg av rammeavtalen, og skaffa seg Askeladden RIB-båtar til polititeneste.

– Frå før har vi levert éin politibåt, men fleire yrkesbåtar i ulike kategoriar, frå fiskeoppdrett i Noreg til utdanning av hurtbåtførarar i Sverige, fortel Askvik.

– Med denne avtalen har Askeladden fått eit solid fotfeste innan spesialtilpassa båtar til krevjande yrkesbruk.

Leveranse og service

Leveransane blir gjennomført i samarbeid med Askeladden sin polske produksjonspartnar, som allereie har brei erfaring med leveransar av RIB til politi, forsvar, inspeksjon og oppsyn.

Serviceansvaret blir handtert av Båtens Beste, som er Askeladden si internavdeling for sal og service ovanfor proffkundar.

– Vi har naturlegvis jobba med denne avtalen ei stund og det var veldig gledeleg at vi fekk den, seier Jonathan Dyrstad frå Båtens Beste.

Omfang og dei første bestillingane er det førebels litt tidleg å seia noko om.

– Forsvaret skal ha ei intern gjennomgang denne veka, i neste veke skal vi ha oppstartmøte, så då veit vi meir om kva som blir dei første ordrane, seier Henrik Askvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.