Lokal | 01. nov. 2019

Fekk besøk av mogleg falsk montør

Politiet blei kontakta etter at barnevakt sa nei til ein mann som ville inn og sjekka breibandet i huset.

Fekk besøk av mogleg falsk montør
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. nov. 2019 11:18

Ein huseigar i Os har kontakta politiet grunna eit besøk ho meiner er mistenkeleg.

Ho leiger ut bustaden sin, der ein mann onsdag ville inn.

– Han skal ha sagt at han var frå Telenor, og at han skulle fiksa ein feil på fiberkabelen i huset, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Dette var onsdag i 19-tida. Det var ein barnevakt som opna, men mannen fekk ikkje koma inn. Huseigar har seinare kontakta Telenor, som seier dei verken har feil på linja eller montørar i arbeid i området. Telenor reagerte også på klokkeslettet vedkomande banka på døra.

– Vi veit førebels ikkje meir om dette, men ønskjer å tipsa andre om å vera varsame med kven dei slepp inn i husa sine, og gjerne notera seg noko som gjer det lettare å skildra personar, og registreringsnummer på bil, om mogleg, dersom dei opplever noko mistenkeleg.

Uaktsam køyring på Ulven

Klokka 08.50 torsdag morgon blei politiet oppringt av ein bilist.

– Vedkomande hadde hatt ein bil tett bak seg, og meldte frå om uaktsam køyring.

– Vi fekk kjenneteiknet på bilen, og vedkomande har, trass alder på under 20 år, fleire gongar vore meldt for køyring utan førarkort.

Avskilting og vinglete køyring

I 20-tida torsdag fekk politiet melding om vinglete køyring på E39 frå Vallaheiane mot Os.

Bilen blei stoppa på Søfteland. Bilførar, ei kvinne i 60-åra, var edru og har førarkort, men fekk beskjed om at andre reagerte på køyremønsteret.

Ein bil parkert i Hagavik blei avskilta i går. Politiet la lapp i ruta. Bilen skulle vore EU-godkjent i september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.