Lokal | 15. juni 2010

Fekk bleiekake

Gustav Bahus blei far i slutten av april. Tysdag fekk han gåve i kommunestyret.

Fekk bleiekake
Andris Hamretirsdag 15. juni 2010 19:56

At det ikkje berre er alvor alt som skjer i kommunestyresalen viste opninga på tysdagens kommunestyremøte. Då Gustav Bahus kom for å innta plassen sin blei han overraska av ei diger kake. Ikkje til å spisa opp, men full av nyttig utstyr til gutungen.

- Eg fekk ei eg kjenner til å laga ho til. Alt på kaka kan brukast av ungen, fortel partikollega Marianne Neumann Hjelle.

Kaka besto av bleier, kosedyr og klutar. Akkurat det ein liten plugg på to månadar treng.

Etter at kaka var overrekt og behørig kommentert kunne representantane gå i gong med dei meir alvorstynga sakene, som reknskapsrapport, tertialrapport og strategisk næringskplan. Midtsiden kjem tilbake med meir frå møtet i eigne saker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.