Lokal | 19. jan. 2020

Fekk to bøter då han trassa dette skiltet

Passerte politiet og snakka i mobil mens han køyrde mot lovleg retning på Øyro.

Fekk to bøter då han trassa dette skiltet
Politiet sto tilfeldigvis i nærleiken då bilen passerte og køyrde vidare forbi dette skiltet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. jan. 2020 08:23

Laurdag klokka 14.30, mens politiet var i eit anna ærend i Os sentrum, observerte patruljen ein bil som køyrde mot einvegskøyrd trafikk på Øyro.

– Vedkomande snakka i handhalden mobiltelefon mens han passerte oss og køyrde vidare forbi innkøyring forbode-skiltet, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Det er berre åtte dagar sidan sist dei stoppa ein for same lovbrot. Vedkomande fekk eit forelegg på 5.500 kroner.

– Det blei forelegg for to forhold, med halv pris på forholdet med lågast takst (normalt 1700 for ulovleg bruk av mobil).

Dermed kosta den korte bilturen 6.350 kroner.

Mistenkt for køyring i narkotikarus

Klokka 00.50 natt til søndag stoppa politiet ein bil i Byvegen.

Bilførar, ein mann i 20-åra, har ikkje førarkort.

– Patruljen fekk inntrykk av at bilførar var rusa, og tok bilførar med til legevakt for utvida prøve.

– Han meldt for mistanke om køyring i narkotikarus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.