Lokal | 01. aug. 2017

Fekk to dagar utan TV

Altibox-abonnentar blei råka då BKK måtte flytta hovudkabel vekk frå anleggstomta til nye Oshallen.

Fekk to dagar utan TV
BKK har jobba skift sidan måndag morgon for å flytta hovudkabel til Altibox vekk frå tomta der ny fleirbrukshall blir bygd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 01. aug. 2017 09:47

Måndag morgon sendte BKK ut tekstmelding med varsel om brot i Altibox-tenesten frå måndag morgon til onsdag morgon klokka 06.00.

– Meldinga blei sendt til 510 kundar på og rundt Kuventræ og Varåsen, men det er ikkje alle desse som blei råka, seier kommunikasjonssjef Kirsten Øystese i BKK.

– Nokre har vore utan tenesten heile tida, andre berre i periodar.

Ferdig klokka 18 i dag

Årsaka til brot i tenesta er at ein hovudkabel måtte flyttast i samband med bygging av ny fleirbrukshall på Kuventræ.

– Var det noko akutt som skjedde?

– Nei, men byggherre Os kommune ba oss flytta hovudkabelen snarast.

– Vi har jobba skift sidan måndag morgon og blir ferdig innan klokka 18 i dag, då skal alle ha breiband og TV igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.