Sport | 13. juli 2012

Fekk det tøft i Barcelona

Kappgjengar Joakim Sælen klarte ikkje målsetnaden om å koma på topp 30 i VM.

Fekk det tøft i Barcelona
Joakim Sælen i dagens VM. (Foto: Friidrettsforbundet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. juli 2012 12:47

Osingen Joakim Sælen er blant dei norske deltakarane i junior-VM i friidrett, som går av stabelen i den spanske kystbyen Barcelona.

I dag gjekk Sælen 10 km med målsetnad om å bli blant dei 30 første. Det klarte han ikkje.

- Planen var å gå så jamt eg kunne, men eg merka fort varmen. Det gjekk fint den første kilometeren, men eg er ikkje trent for å halda ein fart på fire blank på kilometeren, seier Joakim til forbundet sine heimesider.

Kolombianeren Eider Arévalo vann på 40.09.74 medan Joakim kom på 36. og sisteplass med tida 48.50.80, rundt 2 minutt bak eigen pers.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.