Sport | 03. apr. 2018

Fekk draumedebut i OBOS-ligaen!

Åsane - Nest-Sotra: Kolskogen spelte frå start og imponerte i serieopninga på heimebane.

Fekk draumedebut i OBOS-ligaen!
Ole Martin Lekven Kolskogen (t.v.) spelte frå start og heile kampen i debuten for Åsane mot Nest-Sotra måndag 2. april. (Foto: Erik Madsen, Åsane Tidende)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. apr. 2018 09:49

Med kallenamnet «Olis» på ryggen, og drakt nummer 14, fekk Ole Martin Lekven Kolskogen (17) debut i OBOS-ligaen allereie i serieopninga etter overgang frå Os til Åsane i vinter.

Det var ikkje berre serieopning, men derby mot Nest-Sotra på heimebane.

– Eg har jo spelt mykje for G17-landslaget, men å debutera i OBOS-ligaen i eit lokaloppgjer, med så mange på tribunen, er noko anna. Eg følte meg komfortabel, og eg føler eg får mykje tillit av Mons Ivar Mjelde, seier Olis i intervju med Åsane Tidende etter kamp.

Kolskogen spelte frå start og heile kampen.

Åsane vann 3-1 (1-1).

«Åsane sin nye juvel»

Over 1000 tilskodarar fekk med seg lokaloppgjeret. Åsane Tidende skriv at Olis storspelte og kallar den unge osingen for Åsane sin nye juvel.

Ein annan osing, Simen Helland Lassen, spelte for Åsane frå 82. minutt.

Erik Huseklepp, Magnus Bruun-Hansen og Nicolai Harris skåra Åsane sine mål, storskårar Alexander Dang lurte Kolskogen og resten av det unge Åsane-forsvaret berre éin gong, og sto for Nest-Sotra si skåring.

Nest-Sotra var som vanleg leia av kaptein Bjarte Haugsdal frå Os. Haugsdal gav i fjor sommar nokre råd til Kolskogen før landslagsdebuten.

I mars spelte Kolskogen alle dei tre kampane då Noreg G17 kvalifiserte seg til EM.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.