Lokal | 23. mai 2017

Fekk draumen oppfylt

Ragnhild Kristine Midtbø MOT-draumen oppfylt då ho fekk møta og spele med Ole Edvard Antonsen.

Fekk draumen oppfylt
Ragnhild Kristine Midtbø fekk ein draumedag med Ole Edvard Antonsen (privat foto)
Andris Hamretirsdag 23. mai 2017 12:44

Bildeserie:

Daniel Drange og Håvard Bruvik frå Nore Neset fekk ikkje berre éin, men to draumedagar på Eikås (privat foto)
Daniel Drange og Håvard Bruvik frå Nore Neset fekk ikkje berre éin, men to draumedagar på Eikås (privat foto)
1 av 1
Daniel Drange og Håvard Bruvik frå Nore Neset fekk ikkje berre éin, men to draumedagar på Eikås (privat foto)

– Alle elevar som har MOT, får på 9.trinn søke om å få oppfylt draumen sin, i eitt av MOT-besøka, fortel MOT-koordinator Ellen Merete Lyssand.

I Os har MOT mål om å oppfylle minst ein draum på kvar av dei to ungdomsskulane, i tillegg til å sende inn søknadar til MOT sentralt.

Fekk privattime med Ole Edvard

Ragnhild Kristine Midtbø, som no går i 10.trinn på Os ungdomsskule fekk oppfylt draumen sin om privattime med Ole Edvard Antonsen.

– Saman med mor si, Ruth Elin, reiste dei til Kristiansand og fekk bruke dagen der med å høyre på då Ole Edvard øvde med eit orkester, ete lunsj med han og ikkje minst – gjennomføre privattimen som ho drøymde om, fortel Lyssand.

– Ragnhild Kristine seier sjølv at ho fekk gode råd av den kjende trompetisten, og at ho kort tid etter møtet merka skilnad på si eiga speling.

Drifta på Eikås

Daniel Drange og Håvard Bruvik frå Nore Neset ungdomsskule ønskte å få sitte på med ein «drifting»-bil.

– Dei fekk bli med på trening på Eikås motorsportsenter, der dei blei tatt godt imot av regjerande noregsmeister i drifting, Christian Bakkerud. Akslingen på bilen knakk diverre etter eit par rundar, så då fekk gutane kome ein dag til. I strålande solskin begge dagane fekk dei ei oppleving for livet, seier Lyssand.

I desse dagar ventar årets 9.trinn på ungdomsskulane spent på å få vite kven som får oppfylt dei neste draumane!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.