Næringsliv | 04. mars 2018

Fekk ein avtroppande konkurrent «i gåve»

Dei har kjempa side om side i 15-20 år. Så fekk Egil Hodneland ein overraskande telefonsamtale.

Fekk ein avtroppande konkurrent «i gåve»
Egil Hodneland (t.v.) saman med produksjonsleiar Magne Engjom og driftsleiar Knut Ormehaug. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. mars 2018 09:12

Bildeserie:

Fabrikken i Kloppamyra skal utvidast med 250 kvm i front. (Foto: KVB)
Fabrikken i Kloppamyra skal utvidast med 250 kvm i front. (Foto: KVB)
1 av 1
Fabrikken i Kloppamyra skal utvidast med 250 kvm i front. (Foto: KVB)

Egil Hodneland, hovudaksjonær og dagleg leiar i Hodneland Bygginnredning AS, har drive stabilt og godt sidan start, med 15,5 til 18,5 millionar kroner i omsetnad dei siste fem åra og overskot 10 av dei siste 11 åra.

• Sjå videoreportasje: På innsio: Hodneland Bygginnredning

I slutten av januar kunne han gleda seg over positivt svar frå Os kommune på søknad om utviding med 250 kvadratmeter (i front mot Ulvenvegen), i starten på februar fekk han ein telefon som verkeleg kan føra til at denne utvidinga blir naudsynt.

– Eg og Sverre Breivik frå Ålesund har drive ganske jamstore selskap. Vi har vore like store på glasveggar, mens vi har hatt nokre tilleggsprodukt og -tenester som gjer at Breivik Trevare AS samla sett har hatt rundt 70 prosent av vår omsetnad.

– Vi har vore konkurrentar, men vi har hatt gjensidig respekt for kvarandre og eit venskapeleg forhold, både når vi har vore på bransjetreff og når vi i telefonsamtalar har drøfte ulike utfordringar som har vore felles for selskapa våre.

Men denne telefonsamtalen blei annleis.

– Vil du overta kundane mine?

Det er rundt tre veker sidan Breivik ringte med den overraskande og positive beskjeden.

– Breivik eig produksjonslokalet sitt sjølv, og dette ligg i eit næringsområde med høgt aktivitetsnivå og noko press på arealet. Han hadde bestemt seg for å leiga ut lokalet, og ville legga ned driftsselskapet sitt. Og så ringte han til meg for å høyra om eg ville overta kundeportefølgja hans.

Hodneland skal ikkje betala ei krone for å «arva» desse.

– Eg var heilt uførebudd på denne samtalen! Vi har tillit til kvarandre, og det verkar på meg som om han er opptatt av å kunna runda av utan å setja tidlegare kundar i ein vanskeleg situasjon. På éin måte var det trist å høyra at han ville legga ned, på ein annan måte var det både overraskande og litt rørande at han vil vidareføra mest mogleg til oss.

– Det seier litt om kva verdi det kan ha å behandla kvarandre med respekt, sjølv om vi i business konkurrer mot kvarandre.

Fekk nye ordrar for ein halv million

Mens Hodneland ikkje har hatt mange faste avtalar med forhandlarar har den tidlegare konkurrenten i Ålesund prioritert nettopp dette.

– Breivik har blant anna fleire entreprenørar som store, faste kundar. Eg veit jo ikkje kor mange av kundane hans som vil koma til oss, ei auke vil det uansett bli.

– Vi har sett over tilboda han har ute, og sagt at vi står ved alle prisane. Nokre var litt låge, etter vår målestokk, andre er greit betalt. Samla sett er det heilt fint, seier Egil.

Hodneland har allereie ordrar for ein halv million kroner frå sin tidlegare konkurrent. Dei 8-10 første er i produksjon.

Gav jobbtilbod i retur

– I produksjonen skal vi klara å ta alt unna, om vi så skal dobla omsetnaden frå det vi hadde før. Men eg såg at vi måtte litt opp i administrasjonen.

Egil ringte tilbake til sin tidlegare konkurrent for å høyra om han ville ha denne jobben - frå avdelingskontor i Ålesund.

– Heldigvis takka Sverre ja! Han er no på ferie, men når han er tilbake byrjar han å jobba for oss, og får ansvar for kundane som tidlegare var hans eigne. Det styrkar naturlegvis verdien av å overta portefølgja, seier Egil Hodneland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.