Fekk éin million til Lyseparken
Lyseparken fekk rett før jul éin million kroner frå Enova.
I kommunestyret rett før jul slapp utviklingsdirektør for Lyseparken, Fredrik Seliussen, ei lite nyhende.
– Vi fekk i dag brev frå Enova om at vår søknad til områdeutvikling er godkjent. Det er det første næringsområdet i Noreg som får midler frå Enova til dette, fortalde Seliussen.
Støtta frå Enova er på éin million kroner.
Fekk først avslag
Dette er andre gongen Lyseparken søkjer Enova om støtte. Første gong fekk dei avslag.
– Bakgrunnen for det var at dette var for langt fram i tid. Samstundes har Enova trekt prosjektet fram som eit døme på ting dei no vil gå inn i, så vi har blitt opmoda om å søkje på nytt, fortalde Seliussen på budsjettkonferansen tidlegare i haust, og la til at søknaden ville bli sendt inn same veke.
I løpet av kort tid har altså Enova gått frå nei til ja.
Er med på EU-prosjekt
I tillegg til Enova støtte, er også Lyseparken blitt tatt med i EU-prosjektet, Horisont.
– Det er eit veldig spennande prosjekt som handlar om å testa ut nye forretningsmodellar, klynger, grid og energiløysingar. Dette er eit prosjekt som vi er med på utan at det koster oss nokon ting.
– For oss handlar det om å branda Lyseparken, forklarte Seliussen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.