Fekk eit flott VM-døgn i Lysefjorden
Først spelte dei VM på dagtid, så samla krinsen seg i gymsalen for å ro inn i natta.


Laurdag kveld var det VM-fest i Vognhallen og på Ilya.
Same kveld hadde Nore Neset il og frivillige krefter i Lysefjorden ungdomslag invitert til alkoholfrie arrangement.
Nore Neset il hadde fotballkamp mellom vaksne og ungar klokka 21, i Lysefjorden var det eit heilt Mini-VM frå klokka 13 til 17.

– Kenneth Joseph og Thomas Omdal tok initiativet, og fekk med seg fleire frivillige. Rundt 100 møtte fram, fortel Fredrik Schmidt Fotland, glad og imponert.
– Dette var glimrande oppladning til kvelden, veldig bra for det lokale samhaldet rundt barneidretten!
Ungane blei delte inn i 10 lag, kvart lag fekk sin nasjon, frå Norge og Brasil til Spania og England.

– Ein del lag hadde innleigde mødrer blant spelarane. Det var knallgod innsats av alle.
Finalen gjekk mellom Argentina og Spania.
Spania vann, og fekk bonuskamp mot fedrene, ein kamp fedrene leia, men Spania vann i ein intens straffekonk.

– Vinnarlaget gjekk stolt av banen, mens fleire av fedrene hinka vekk med tillaup til strekk, ryggproblem og generell utmatting, seier Fredrik.
Så var det heim og tøya ut før VM-kveld på Lysekloster barneskule.
Der møtte det 50-60 små og store. Pizza var sponsa, mens det er søkt støtte frå potten til kommunen for å dekka inn brus og popcorn, som òg blei delt ut gratis.
– Det blei ein fin dag og kveld i Lysefjorden, synest Fredrik.
– Dei yngste er kanskje berre 6-7 år gamle. Det var nokre trøtte ansikt utover natta, men eg trur alle blei verande til kampen og ekstraomgangen var over.