Fotball | fire timar sidan

Fekk eit mareritt av ein start mot Bjarg

Lysekloster fekk to i hatten før det var gått ti minutt. Så blei begge backane skadd.

Fekk eit mareritt av ein start mot Bjarg
Treningskampen i vår (bildet) enda 2-2. I seriekampen laurdag blei det tap. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 02. aug. 2026 20:08

Lysekloster spelte i går serierunde nummer 14. Kampen gjekk heime mot Bjarg.

Etter uavgjort mot tabelltoar før ferien, og siger over serieleiar førre helg, klarte dei ikkje å halda den gode trenden oppe.

– Dei kom seg gjennom i rom dei ikkje skal få lov å gå i, seier trenar Sondre Skjerven om dei to tidlege baklengsmåla.

Bjarg skåra både i 6. og 9. minutt.

– På 2-0-skåringa deira så hadde vi ein ute med skade, utan at vi hadde fått innbytar innpå. Etter kort tid hadde vi begge backane våre skadd.

Det ser ut som om Vågen blir ute nokre veker, for Lødemel sin del er det, ifølgje Skjerven, uvisst.

– Vi kom litt inn i kampen, men det tok over 20 minutt. Det var som om vi aldri fann rytmen. Samtidig var det tøft å få desse tidlege måla imot.

Bjarg auka til 3-0 i 72. minutt. Det blei kampens siste skåring.

Lysekloster - Bjarg 0-3 (0-2)

Lysekloster: Daniel Gjerde Sætren - Johannes Konstali-Lødemel (Einar Høgetveit Jølle frå 48.), Jonas Skjerven Valland, Jørgen Nordvold Lunde (Kriss Havila Bonabandi frå 77.), Jonas Eide Vågen (Vebjørn Nakken frå 13.) - Kristian Kongelf (Lloyd Adrian Dahle Fagerlie frå 77.), Trym Vatn Øvreberg, David Flygel Tufta (kaptein), Thorstein Horneland Hildal, Ola Lerheim Olsen (Tommy Rivaldo Svendsen frå 45.) og Jacob Jacobsen Bolsø.

Lysekloster ligg no rett under streken, nedst av dei tre laga som har 14 poeng, Sandviken og Arendal tapte òg i denne runden.

Vidar og Eik Tønsberg ligg langt bak med 6 og 4 poeng.

Neste kamp går borte mot tabelltrear Brattvåg søndag om ei veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Fekk eit mareritt av ein start mot Bjarg