Måndag blei havabbor og mulle tatt på same garn utanfor Geitarøya ved Lepsøy. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fekk to eksotiske artar på same garn

– Dette er interessant fangst, seier Otte Bjelland frå Havforskningsinstituttet.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Eg har fiska i dette området sidan eg var liten, men desse artane har eg ikkje fått før, seier hobbyfiskar John Lepsøy (83) om fangsten ved Geitarøya, mellom Lepsøy og Storumvågen.

Dei to artane viser seg å vera havabbor og mulle.

– Det einaste som manglar er ein St. Petersfisk, så har du eit komplett akvarie frå Middelhavet, seier Otte Bjelland frå Havforskningsinstituttet (utan å veta at den same Lepsøy fekk ein st peterfisk utanfor Ferstadneset for fire år sidan).

I fjor fekk han ein annan tropisk fisk i Blindasundet.

Både havabbor og mulle er vanlege i Middelhavet, og frå Kanariøyene opp til sørlege delar av Nordsjøen.

– Spennande historie og spennande område

Bjelland synest det er spesielt interessant med ny fangst av eldre fiskarar som har fiska i same område, med same reiskap i mange år.

– Sjølv om dette er artar som er fiska i Noreg fleire gongar før, er dette god referanse og kan vera eit teikn på at noko er i endring.

– Samtidig ser vi av eldre kjelder at Noreg har fått besøk av sørlege artar i fleire hundre år. Erik Pontoppidan, biskop i Bergen på 1700-talet, fortel i si bok «Forsøk til Norges naturlige historie» om fangst av sverdfisk langs norskekysten.

Delar av sjøen kring Geitarøya ligg grunt og stille, med lite sirkulasjon og med påfyll av ferskvatn. Lepsøy fortel at han har høyrd om fangt av tre ulike typar abbor i området.

– Bjørnafjorden generelt er spennande, vi får inn fleire spennande rapportar, blant anna frå Fusa. Området rundt Geitarøya ser spesielt interessant ut, med denne typen artsmangfald så konsentrert.

I ferd med å bli norske artar?

«Som å finna ein kenguru i Canada» skreiv elbe.no då det i 2005 blei kjent at havabboren ser ut til å gyta på Vestlandet.

– Forskinga på havabbor er det Universitetet i Oslo som står for, og eg kjenner ikkje status her utover at vi tar imot fangsrapportar, seier Bjelland.

– Det spørsmålet vi stiller for tida er om desse artane er i ferd med å bli fullt ut norske, om dei gyter og har heile livslapuet sitt her.

Meld ifrå!

Havforskningsinstituttet har eigne sider på nett der du både kan registrera fiskefunn og registrera funn av merka fisk eller skaldyr.

Bjelland seier innrapportering av sjeldan fangst er til god hjelp, men dessverre ikkje alltid er ein god indikator.

– Når ein st petersfisk har vore i avisa så vil gjerne neste fiskar tenkja at dette ikkje er interessant, og lata ver å rapportera den inn. Derfor er det vanskeleg for oss å seia kor vanleg arten byrjar å bli.

– All rapportering er til hjelp og vi set pris på fiskarar og media som fortel om fangst av artar som ikkje er vanlege i Noreg.

– Både havabbor og mulle er dessutan høgt skatta matfisk i Middelhavet, så John Lepsøy treng ikkje legga desse til side som teinemat når hummartida byrjar.

Lepsøy fortel at han òg fekk ein torsk på fire kilo, så middagen var allereie redda. Dei to eksotiske fiskane kasta han på grillen ved Oselvarnaustet, der alle 9. klassingane i Os i desse dagar har oselvar-opplæring.

Andre spennande fangstar i skjergarden i Os:
Eksotisk fangst ved Strøno (multe)
Fargerik fisk i fjorden (fløyfisk)
Fekk månefisk i garnet
Troll i trollgarnet (st petersfisk)
Gav blekksprut i gåve
Fekk hissig akkar på kroken

Fleire saker