Lokal | 29. apr. 2019

Fekk fartsbot på 8500 kroner

Ville spart 3000 kroner på å køyra 1 km/t saktare.

Fekk fartsbot på 8500 kroner
UP, her i Hegglandsdalen, sto med laser på Hatvikvegen søndag ettermiddag. (Arkvifoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. apr. 2019 06:46

Søndag ettermiddag hadde utrykningspolitiet fartskontroll i ei 50-sone på Hatvikvegen.

Dei sto ved den gamle brua i enden av Lyssandflaten og målte farten på trafikken i retning Hatvik.

Det resulterte i seks forenkla forelegg, opplyser Os lensmannskontor i dag.

Høgaste målte fart var 71 km/t. Det kvalifiserer til 8500 kroner i forenkla forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Med 70 km/t ville det blitt forelegg på 5500 kroner, på 76 km/t ryker førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.