Fekk fleire innspel
Politikarane fryktar stygge murar og skjeringar når området ved Mobergslia skal byggast ut.
Bustadprosjektet Solbakken Panorama blei i april lagt ut til 1. gangshøyring i kommunen. Torsdag fekk plan- og bygningsutvalet ei orientering om prosjektet.
– Det har blitt ein relativt omfattande plan med ny veg frå Lepsøykrysset og opp i feltet, nytt høgdebasseng for kommunen og omfattande arbeid rundt å utgreiia rasfare og -sikring.
– Vi har nok snudd om på den 8-10 gangar for å koma dit vi er no, forklarte Øyvind Alvern, dagleg leiar for Solbakken Panorama.
Planen omfattar 81 bueiningar fordelt på einebustadar, tomannsbustadar, fleirmannsbustadar, kjeda rekkehus og leilegheiter.
Nok parkering?
Plan- og bygningsutvalet hadde allereie på førre møte vedteke å leggja planen ut på høyring, men hadde ved ein glipp ikkje invitert utbyggar som dei pleier til handsaminga. Difor fekk Alvern sleppa til i møtet torsdag, slik at utvalsmedlemma kunne koma med sine innspel direkte.
– Kor mange offentlege parkeringsplassar til turgåarar har de lagt inn i planen, undra Harald Døsen (Ap).
– Vi har lagt opp til åtte litt nede i feltet og om lag 20 i overgangen til kommunen sin plan for Mobergslia.
– No ligg planen ute, så eg får koma tilbake kor mange eg kunne tenkje meg i neste runde, svarte Døsen, som med det signaliserte at utbyggjaren kanskje burde sjå om det var mogleg å få til fleire.
Heng dei godt nok saman?
Éin ting var utvalsmedlemma ikkje heilt same om, planen grensar inn til kommunen sin eigen plan for Mobergsliautbygginga.
– Eg synest ikkje dei to planane heng godt nok samen.
– Dei interne vegane i dei to planane blir for mange. I staden burde det ha vore ein som hadde femna begge planane, meinte Ingrid Netland (Sp), og peika på kartet for å illustrera korleis ho tenkte.
Utbyggaren innrømte at han kunne vore einig om tomta hadde vore flat, men krav til vegstandard og hellingsgradar gjer det vanskeleg.
– Eg er heilt ueining med Netland. Eg er veldig glad vi får løyst vegproblematikken opp til Mobergslia gjennom denne planen. Her har vi to planar som heng godt saman. Det skulle eigentleg berre mangla, så lenge det er same arkitekt bak begge, meinte Ståle Skaatun (H).
Vil ikkje ha høge murar og skjæringar
Også Terje Sperrevik (TvS) var samd i at dei hang godt i lag, men var uroa for korleis feltet blir sjåande ut.
– No var vi ute i Hovlandsfeltet på synfaring i dag.
– Der er det sprengt mykje, dette feltet er like bratt, difor er eg litt redd for det same.
– Det blir viktig å få sjå korleis det vil bli sjåande ut med dei løysingane utbyggar tenkjer seg, før arbeidet tek til, påpeika Sperrevik.
– Eg håper arkitektane tek seg ein tur i terrenget og ikkje berre ser på kartet.
– Vi har jo sett korleis det går, supplerte Døsen, som sikta til utbyggingane på Hovland, Hjelle og Halhjemsmarka III.