Lokal | 20. sep. 2015

Fekk fleire månadar i fengsel

Mann dømt for hærverk, trugslar med kniv og brot på besøksforbod.

Fekk fleire månadar i fengsel
Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. sep. 2015 07:34

Ein mann i 30-åra frå Os er i Nordhordland tingrett dømt til fengsel utan vilkår.

Han er tidlegare dømt fleire gongar og hadde ei straff på vilkår som blei lagt til dommen.

Mannen var tiltalt for 12 punkt, etter blant anna å:

• Truga to gutar på 15 og 16 år med kniv etter at dei to bad han fjerna seg frå ein bil han søv i. Tiltalte skal både ha gjort stikkbevegelse og sprunge etter dei to med kniv.

• Seks tilfelle av brot på kontaktforbod i løpet av 2014 og 2015, blant anna då han sto utanfor vindauget til kvinna han tidlegare er dømt for vald mot og ropte at han skulle drepa ho.

• Tok opphald i husværet til ein mann, som han blant anna skubba ned i ein sofa og kom med skremmande uttalelser til.

• Tjuveri eller heleri av post og tjuveri av ei lue og ein sykkel.

• Ulovleg oppbevaring av narkotika.

• Hærverk på husvære eigd av Os kommune.

• Trugslar mot tilsette i Os kommune.

Både mengda narkotiske tablettar og trugslar med kniv kvalifiserer til fengselsstraff. Då det kom til kontaktforbodet viste det seg at kvinna ved enkelte høve hadde invitert tiltalte heim til seg.

Men retten skriv i dommen: «… kontaktforbudet skal respekteres selv om tiltalte og fornærmede er uenig i dette, og det skal etter rettspraksis utmåles fengselsstraff for gjentatte overtredelser av dette».

Tiltalte blei dømt for vald mot kvinna i 2010 og blei sist ilagt kontaktforbod i 2012. Tre månadar av dommen frå desember 2012 blei gjort på vilkår, men blir no lagt til straffeutmålinga.

Dømt fleire gongar tidlegare

Det var også straffeskjerpande at tiltalte tidlegare er straffedømt ei rekke gongar for både vinning, brot på legemiddellova og brot på kontaktforbodet.

I retten si vurdering står det: «Ved alle forhold tatt i betraktning finner retten at det er riktig å utmåle en fengselsstraff på 7 måneder, medregnet fellesstraffen på 3 måneder som nevnt ovenfor. Til fradrag kommer utholdt varetektsfengsel med 95 dager.»

Tiltalte blei frikjent for eitt punkt, det som handla om trugslar mot tilsette i Os kommune, men han blei dømt for dei andre 11 punkta og fekk 7 månadar fengsel utan vilkår, medrekna dei tre månadane frå førre dom.

Han må òg betala erstatning til Os kommune med 10.112 kroner etter hærverk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.