Lokal | 06. okt. 2015

Fekk førarkortet tilbake

Det ser også ut til å gå bra med jenta som blei påkøyrd på Drange i går.

Fekk førarkortet tilbake
Lege, ambulanse og luftambulanse rykte saman med politi ut til Drange måndag ettermiddag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. okt. 2015 08:41

Måndag litt før klokka 16 blei ei ung jente påkøyrd av ein bil ved krysset mellom Drangsvegen og Skjelåsen.

Jenta var bevisst, men blei frakta til sjukehus for sjekk. Politiet tok rutinemessig beslag i førarkortet til mannen som køyrde bilen.

– Han får førarkortet sitt igjen. Vi ser på dette som eit uhell, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Det var kraftig motlys på ulykkesstaden.

– Det ser dessutan ut som om det går veldig fint med jenta, ifølgje tilbakemeldingane vi har fått.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.