Lokal | 26. juni 2018

Fekk gorillaskulpturen tilbake

– Han e' ikkje så langt vekke, var beskjeden eg fekk, seier ei letta og lykkeleg Marianne Holmefjord.

Marianne Holmefjord er glad for at gorillaen «Gustav» er tilbake på plassen sin utanfor butikken. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. juni 2018 08:42

Bildeserie:

No kan den halda fram med å speida ut over torget. (Foto: KVB)
Skulpturen har fått nokre små skrammer. (Foto: KVB)
Skulpturen var gøymd bak papp og paller bak nabobutikken. (Foto: KVB)
No kan den halda fram med å speida ut over torget. (Foto: KVB)
Skulpturen har fått nokre små skrammer. (Foto: KVB)
1 av 3
Skulpturen har fått nokre små skrammer. (Foto: KVB)
Skulpturen var gøymd bak papp og paller bak nabobutikken. (Foto: KVB)
No kan den halda fram med å speida ut over torget. (Foto: KVB)

Ho blei skuffa og trist, innehavar av Os Blomsterservice, då ho tysdag morgon oppdaga at gorillaskulpturen hennar var vekke.

Men kort tid etter at Midtsiden publiserte sak om tjuveri av gorilla og hærverk og tjuveri ho Havnechefen, dukka gorillaen opp igjen.

– Sælen frå Jernia kom innom og sa at den ikkje var så langt vekke. Dei hadde funne den mellom noko papp og paller bak butikken, seier Marianne om naboverksemda.

Skulpturen var altså berre flytta 20-30 meter.

– Vi håpte at den ikkje var flytta langt, og var i Baronselvo og såg. Det har hendt at nokon har tatt ting frå butikken og kasta i elva før, sjølv om utstillinga stort sett har fått stå i fred.

– No er vi berre glade for å ha fått «Gustav» tilbake. Men vi håper folk held seg unna den i framtida. Den har fått nokre skrammer, og det er ein kostbar skulptur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.