Kultur | 25. nov. 2019

Fekk gull-karakter i siste NM-runde

Oddmund Lunde fekk positiv merksemd for fem bilde i NM i naturfoto.

Fekk gull-karakter i siste NM-runde
Strøno: Dette bildet gav gull i siste runde av årets NM. (Foto: Oddmund Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. nov. 2019 09:38

Bildeserie:

Desse måsane gav karakteren sølv. (Foto: Oddmund Lunde)
Desse måsane gav karakteren sølv. (Foto: Oddmund Lunde)
Hjorten er sliten etter brunsten. (Foto: Oddmund Lunde)
Hjorten er sliten etter brunsten. (Foto: Oddmund Lunde)
Oddmund trivst både i skog og på sjøen. (Foto: Kjetil V. Bruarøy)
Oddmund trivst både i skog og på sjøen. (Foto: Kjetil V. Bruarøy)
1 av 3
Desse måsane gav karakteren sølv. (Foto: Oddmund Lunde)
Hjorten er sliten etter brunsten. (Foto: Oddmund Lunde)
Oddmund trivst både i skog og på sjøen. (Foto: Kjetil V. Bruarøy)

Bladet Villmarksliv har sidan 1976 arrangert «Fotojakta», ein noregsmeisterskap i naturfoto. I ti rundar, månad for månad, samlar deltakarane opp poeng. Til slutt står magasinet igjen med ein noregsmeister.

– Når du tar mange bilde, er det kjekkare om du får dela dei med andre. I dag kan gjera det i sosiale media, men det er framleis noko eige å delta i konkurransar, der bilda blir vurderte av flinke fotografar, seier den pensjonerte naturfotografen Oddmund Lunde frå Os.

Rundt 35 fotografar har deltatt i kvar runde, og det har gitt til saman heile 105 gull gjennom året.

– Blir nesten litt flau

I 1996 gjekk han heilt til topps, og han får framleis ros. I 10. og siste runde var han blant dei som fekk karakteren gull på det eine bildet, i tillegg blei det sølv og tre bronse.

– Eg delte bilda på Facebook, og er nesten flau når eg ser kor mykje positiv merksemd bilda fekk. Det ser også ut som om nokre trur eg har vunne NM-gull, men det har eg altså ikkje.

Samanlagt var det Bernt Østhus som fekk flest poeng og blei noregsmeister. Arne K. Mala fekk 2. plass, Vidar Aas tok 3. plassen.

– Skal du til topps må du nok spara opp nokre bilde, gjerne stå over eit år eller to, får så å koma med spesielt gode bilde månad etter månad. Det gjer ikkje eg no, eg sender inn ferske bilde, stort sett frå heimbyda, frå runde til runde.

Fann motivet etter video på Midtsiden

Bildet som gav karakteren gull i tiande runde er av ein kronhjort fint innramma av haustgule blad.

Bildet er tatt i Nordstrøno i slutten av oktober.

– Vi hadde fått tips om ein stor kronhjort i Samnanger, og gjekk ein heil dag i bratte kleivar utan å finna den. Så såg vi videoen av han som kommuniserte med ein flott, brunstig kronhjort i ein hage i Nordstrøno.

• Video: Fekk ein alvorsprat med hjort i brunst

Oddmund og kona Liv-Randi rykte ut, og fann hjorten på eit jorde.

– Hjortebukkane er ofte slitne etter brunsten, og er lettare å koma innpå. Han heldt eit auge med meg mens eg fann rett vinkel, og etter at eg hadde tatt nokre bilde la han seg faktisk ned.

Bildeteksten til konkurransebildet: På tampen av brunstperioden fant jeg denne bukken. Den stod først litt skjult bak løvverket og såg meg. Jeg flyttet meg litt for å få den bedre frem. De oppfører seg litt merkelig bukkene på denne tiden. Teknisk informasjon: Canon EOS 1Dx, 420 mm (300+1,4) 1/500 s, f/4.0 ISO 400

• Villmarksliv: Resultat og fleire bilde frå årets NM

• Kva bilde kan du delta med? Her er reglane

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.