Politi | 17. nov. 2025

Fekk hjulproblem i Lyshorntunnelen

Trafikken blei midlertidig justert i Lyshorntunnelen søndag kveld etter at eit køyretøy fekk problem under køyring.

Fekk hjulproblem i Lyshorntunnelen
I retning Os stoppa det opp for ein bilførar sundag kveld. Foto: Niklas Forstrønen Bruarøy (Arkiv)
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokamåndag 17. nov. 2025 09:43

Søndag 16. november rundt klokka 18.15 fekk eit køyretøy problem med eitt av hjula i Lyshorntunnelen i retning Os.

– Vegtrafikksentralen sette ned farten i tunnellen, seier politioverbetjent Anne Lyssand i Vest politidistrikt.

Føraren, ei kvinne, ville bestille bilbergar sjølv.

– Ho blei ståande i ei veglomme og vente på bilbergar, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om