Lokal | 14. jan. 2012

Fekk hus ved elva

Hamnesjefen har fått nytt hus, nytt namn, han har blitt merkt og han blir nesten garantert pappa igjen til våren (!).

Fekk hus ved elva
Den sjuke svana har fått eit lunt rom og inngjerda uteplass, der han kan få familien på besøk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 14. jan. 2012 07:35

Far i svaneflokken som held til i Os hamn endra åtferd, blei fanga og tatt til veterinær. Den elles så tøffe Hamnesjefen viste seg å vera sjuk, blant anna av blyforgifting.

Det fekk Osøyro Dyreklinikk og initiativtakarane til redningsaksjonen, Gro Fjelltvedt og Sølvi Bugge, til å annonsera etter eit ledig område nær elv eller sjø. Dei var på jakt etter ein plass han kunne vera medan han er til behandling.

Fredag kom dette på plass. På Johnny Pedersen sin eigedom bak Rørleggeriet har Nils Brynjulf Bøe laga hus og terrasse til svanefar.

– Her har han fått det veldig fint og her kan han få familien på besøk, at dei får halda kontakten gjennom gitteret, seier Sølvi Bugge.

Veterinær Eva Kristin Lunde seier svanefar har vist tydeleg framgang etter at han starta på behandling.

– Får garantert fleire ungar

Før svanen blei flytta i dag kom to menn frå Universitetet i Bergen, Christian Pedersen og ornitolog Arild Breistøl, til dyreklinikken for å merka svanen.

– Kva kjem til å skje framover med denne knoppsvane-familien?

– Ungane flyttar nok snart heimefrå, foreldra blir truleg verande.

– Er det ein sjanse for at det då kjem nytt kull med svaneungar i år?

– Ja. Eg kan garantera at det kjem ungar i år òg. Med mindre det blir flaum eller nokon fjernar reiret.

Dei siste dagane har éin av dei fem svaneungane vore sakna. Ser du denne kan du varsla Midtsiden.

OPPDATERT: Laurdag formiddag fekk Midtsiden melding om at ein svaneunge sumte åleine rundt ved Gjelevika i Øyane. Truleg er dette den sakna svaneungen.

Vil merka heile familien

Svanen er merkt med ein liten metallring på den eine foten og ein større ring av plast på den andre.

– Vi vil også merka resten av familien, seier Breistøl.

På plastringen, som er stor og lettare å sjå enn metallringen, står det offisielle namnet på pappasvanen; 70B.

– Plastringen er på for at vi skal kunne lesa av namnet på avstand, med kikkert, forklarar Christian Pedersen.

På fullt inntog

Årsaka til at gutane frå fugleavdelinga på UiB seier det er ekstra spennande med knoppsvane i Os er at dei aldri har vore på Vestlandet.

– Tidlegare så var det berre lengre sør svanene likte seg, no er dei i fullt inntog her på Vestlandet, seier ornitologen.

– Meld ifrå om du ser svanefar, uansett kvar han er. Vi tåler å få inn meldingar kvar dag, om han så berre er her i Os hamn.

– På nettsidene våre finn du informasjon om fuglen og du kan følgja spora hans. Eller til andre fuglar, fortel Breistøl.

Førebels blir han lett å spora, i innhegninga ved elva, men med familien rundt seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.