Klokka 00.50 natt til tysdag blei politiet kontakta av Fjord1, som hadde fire utanlandske passasjerar som ikkje gjorde opp for seg.
– Dei reiste frå Sandvikvåg til Halhjem, og då det blei oppdaga at dei ikkje hadde løyst billett, viste det seg at dei heller ikkje hadde pengar, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Dei skal ha forklart at ein kamerat som skulle møta dei på Halhjem ville betala turen for dei fire med bil.
På Halhjem kom det ein for å møta dei fire, men han hadde ikkje pengar han heller, dermed måtte både bilen og passasjerane fint vera med tilbake til Stord.
Tre nær på å velta ut i E39
Måndag formiddag oppdaga politiet fleire tre som var nær på å velta ut på E39.
– Trea sto på høgda over vegen nær Lepsøykrysset og hadde velta. Det var rett før dei ramla utfor stupet og ned i vegen.
Politiet varsla vegtrafikksentralen og BKK, og trea blei felt.
Etterforskar brannårsak
I 9-tida måndag blei det oppdaga brann i ein bustad på Sundøy.
Brannvesenet brukte litt tid på å lokalisera brannen, som hadde spreidd seg via nokre holrom opp i eit kjellartak.
– Det er førebels ikkje avklart kva som var årsaka, men vi var ute i huset igjen i går ettermiddag, saman med BKK, og mykje tyder på at det har vore ein teknisk feil i noko elektronikk. Det ser ut som om brannen starta i eit kjøleskap, seier Hadler-Olsen.