Lauritz Lekven er nesten ferdig med første av tre år som lærling. No ser han fram til sommarjobb i USA. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fekk jobb på Sig Hansen sin båt

USA-draumen blei knust i bilulykke for quarterbacken Lauritz Lekven. No har han fått eit anna oppdrag i Amerika.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Om Lauritz får eit godt opphald i USA vil han koma tilbake som ein av dei aller beste quarterbackane i Nord-Europa, sa coachlegenda Mark Reeve frå Texas til Midtsiden i mars 2016.

I september same år var han ein av fire unge gutar som hamna på taket med ein bil på E39 rett nord for Mobergstunnelen. Bilen rulla rundt fleire gongar før den gjekk i fjellveggen, og var knust flat.

Alle hamna på Haukeland, Lauritz var hardast skadd.

– Eg kom meg ut av bilen og var oppreist etter ulykka, men kjente at eg var stiv og øm i ryggen, seier Lauritz, som fyller 18 år i år.

Det viste seg at han hadde eit brot i ryggen og måtte gjennom ein krevjande operasjon.

– Det gjekk greit. Operasjonen var vellykka, eg låg to veker på sjukehus, så ei stund i senga heime. Eg fekk eigen sofa på skulen så eg kunne koma raskare tilbake.

– I over eit døgn var det usikkert om du ville kunna gå igjen. Var det ikkje tøft?

– Jau, akkurat den dagen gret vi alle saman, eg og nærmaste familie.

Same dag som bilulykka hadde den talentfulle quarterbacken vore i eit langt og godt møte med EF for å bli utvekslingsstudent i USA, i hovudsak for å spela amerikansk fotball. Han følte møtet hadde gått bra. Då han kom heim skulle han berre på ein liten biltur med kameratar.

Dagen etter, då det var uvisst om den kompliserte operasjonen ville få han på beina igjen, kom telefonen frå EF med klarsignal for USA-reise. Mamma Susanne tok imot beskjeden, ein beskjed som skulle vera ei gledesmelding, men som kom mens det framleis var uvisst om Lauritz kom til å bli lam. 

– Eg har fått skruene ut av ryggen igjen no, og eg har vore på eit par treninger med Åsane Seahawks. Men eg ser at vegen tilbake til der eg var er lang, og det blir ingen USA-tur for å spela amerikansk fotball med det første.

Nytt liv i eldre USA-draum

Å seia at Lauritz har amerikanske genar er nesten rett. Alle dei fire besteforeldra hans er frå Noreg, men faren er fødd i USA og har amerikansk statsborgarskap. Lauritz har både norsk og amerikansk statsborgarskap.

Han har òg ein USA-draum som handlar om andre ting enn idrett, nemleg krabbefiske.

– Både pappa, onkel Henrik og onkel Stein Ole Moberg har jobba på krabbefiskebåtar utanfor Seattle. Tante Anna har jobba på same hav, på ein fabrikktrålar som er bygd i Noreg.

– Eg har hatt lyst å prøva krabbefiske sidan eg var liten, og då eg var sengeliggande med ryggskaden blei det episode på episode med «Deadliest Catch».

No har Lauritz Lekven fått sommarjobb på det som er den mest kjente av båtane i serien; norskætta Sig Hansen sin «Northwestern».

«You’re hired. Don’t fuck me over»

Sigurd Jonny «Sig» Hansen har norske besteforeldre og norsk kone, men er fødd i USA og bur i Seattle.

I den grad han er norsk, er han ein svært kjent nordmann. Discovery Channel sender no sin 14. sesong av suksesserien. Deadliest Catch blir vist i over 200 land. Hansen har vore med sidan før serien starta, «Northwestern» er einaste båt som har vore med alle dei 14 sesongane.

Men Lauritz bryr seg lite om kjendisfaktoren, han er først og fremst opptatt av å koma seg på båt i Beringhavet.

– Det er jo stas at det er Sig sin båt! Samtidig er han ein av pappa sine mange kameratar frå dei 10-11 åra han var på krabbefiske. Det er bryr meg om er at eg endeleg skal få prøva meg om bord.

Då Sig i slutten av april var på foreldra sin heimstad, Karmøy, for å lansera det nye agnet sitt, reiste Lauritz og pappa Isaac sørover for å helsa på. Og for å spørra om jobb.

• Les òg: Lanserte Captain Sig’s Krabbeagn (Karmøynytt)

– Pappa hadde spurd han over telefon tidlegare. Mens vi var på Karmøy så spurde pappa rett ut; har du jobb til han? og peikte på meg.

– Sig målte meg frå topp til tå med augene, så sa han; «You’re hired. But don’t fuck me over».

– Det var mykje presse, publikum og bransjefolk på lanseringa. Dei såg ut som om dei knapt trudde det dei høyrde då han sa eg fekk jobb. Eg våga ikkje trur det sjølv heller, men så spurde vi kona hans, og ho stadfesta at han står for det han seier, sjølv om det er ei kort melding.

Får 70 dagar på lakseføring

Tysdag 5. juni reiser Lauritz til Seattle. Der skal han jobba i fem dagar med å gjera båten klar, så går turen nordover til Dutch Harbour før vi skal ut og føra laks.

«Northwestern» er blant fleire krabbebåtar som utanom sesong går på lakseføring. Dei store krabbefiskebåtane plukkar opp laks hos fiskarar i mindre sjarkar, så desse slepp å gå til land med fangsten.

– Er det med blanda kjensler du reiser vestover når du ikkje skal fiska krabbe?

– Nei. Dette er plassen å starta om du ein dag vil vera med på krabbefiske. Pappa var i Seattle no i starten på mai, og besøkte Sig og fleire andre kameratar. Han fortel at det heng liste i båten med namn på folk som tilbyr seg å jobba gratis på lakseføring i sommar. Mange følgjer med på serien og ser på jobben som ei oppleving. Eg får betalt, eg får dessutan jobba dobbelt skift.

Normalt er 35 dagar om bord i løpet av ein sommar, Lauritz får 70 dagar.

– Det blir litt lenge vekke frå skulen, men eg har søkt om å få det godkjend, seier Lekven, som er lærling som forskalingssnekker hos Lekven Bygg og Eiendom.

– Pappa seier eg må ta eit fagbrev før eg får reisa på fiske i USA. Eg har to år igjen som lærling.

Men det er ikkje berre for å lya faren at Lauritz vil fullføra fagbrevet.

– Legane sa at eg kunne gløyma dette yrket etter ryggskaden, men eg vil visa at det går heilt greit.

Fleire saker