Politi | 13. nov. 2021

Fekk klage på støy ved Borgafjellet barneskule

Mykje folk og fleire bilar skal ha samla seg ved skulen i natt.

Fekk klage på støy ved Borgafjellet barneskule
Om det var kiss eller ride er uvisst, meldar fortalte berre om skrik og skrål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. nov. 2021 08:24

I 01-tida natt til laurdag fekk politiet melding om mykje folk og fleire bilar ved Borgafjellet barneskule.

– Det skal ha vore ein del støy frå desse, mykje skrik og skrål, fortel politibetjent Sindre Lekven Hallem.

Patruljen køyrde ut for å sjekka forholda.

– Dei møtte fire ungdomar som dei hadde ein prat med. Det er ikkje notert noko meir, og det ligg ikkje fleire meldingar om støy i loggen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.