Lokal | 07. okt. 2009

Fekk komité i dag

I dag blei det avgjort kva komité på stortinget Laila Reiertsen (Frp) skal vera medlem av.

Fekk komité i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. okt. 2009 11:09

Under stortingsvalet i september blei Laila Reiertsen første osing på tinget på 28 år. Medlemmar til ein del komitear blei tatt ut i førre veke, først i dag blei det avgjort kva komité Reiertsen hamnar i.

- Eg er svært nøgd med å koma i arbeids- og sosialkomiteen. Eg hadde helse- og omsorgskomiteen som førsteval, men denne var på andreplass på lista mi, og går litt saman med den helsefaglege bakgrunnen som eg har, seier Laila til Midtsiden.no.

Med seg i komiteen får ho to partifeller, blant anna Robert Eriksson, som skal leia komiteen. Komiteen har til saman 13 medlemmar.

Trygd og pensjon
Arbeids- og sosialkomiteen jobbar blant anna med forholda til dei som har trygd, anten dei er utan arbeid, ufør eller pensjonistar.

- Mitt hovudarbeidsområde blir arbeid, og noko av det eg vil jobba for er å likestilla gifte og sambuarar med single når det gjeld pensjon.

- Tidlegare blei par trekte 25 prosent i pensjon for å bu i lag, no er det 15 prosent, men det er framleis urettvist at dei som bur saman skal straffast når det kjem til pensjon, meiner Reiertsen.

I tillegg til å bli medlem av arbeids- og sosialkomiteen blir Reiertsen fast medlem i EU/EØS-utvalet, 3. varamedlem i nordisk råd, vara i Frp sitt gruppestyre på stortinget og fast medlem i Frp sitt landsstyre.

Trontale fredag, debut over helga
Etter valet har Laila hatt to turar til Oslo, først for å møta eige parti, så for å delta på samling for nye stortingsrepresentantar.

- Denne veka kom vi i gong for fullt, med kurs og informasjonsmøter.

Fredag er det konstitusjon med kongens trontale, over helga blir det trontaledebatt, noko Reiertsen må bruka helga på å førebu seg på.

- Måndag eller tysdag er eg kanskje på talarstolen i stortinget for første gong.

Konstitusjonen fredag blir vist på TV, og trontaledebatten går frå tidleg til seint på stortinget.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.