Lokal | 27. nov. 2012

Fekk kuttskadar i slåstkamp

To menn blei frakta til lege og sjukehus etter slåstkamp på Kuven midt på dagen måndag.

Fekk kuttskadar i slåstkamp
Luftambulansen rykte ut til Kuven etter melding om kuttskadar etter slåstkamp midt på dagen måndag. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 27. nov. 2012 09:23

Måndag i 14-tida rykte politi og ambulanse ut på melding om slåstkamp i ein bustad på Kuven.

– To menn på rundt 30 år hadde krangla og etterkvart byrja å slåst, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Ein av dei to hadde kuttskadar etter slåstkampen. Politiet vil førebels ikkje seia om det har vore brukt kniv eller anna våpen.

– Ein av dei to blei frakta til sjukehus, den andre til legevakt. Etterpå blei sikta sett i fengsleg forvaring og han vil i dag bli avhøyrt, seier Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.