Sport | 26. mai 2015

Fekk mange gode opplevingar

Fleire av handballlaga frå kommunen på Handballfestivalen i pinsehelga. Tre lag med bronse i turneringa.

Fekk mange gode opplevingar
Os J13 spelte seg til semifinale i Handballfestivalen på stort (foto: Os Turn)
Kari M. Lyssandtirsdag 26. mai 2015 13:16

Bildeserie:

Os G13 tok seg òg til semifinalen (foto: Os Turn)
Os G13 tok seg òg til semifinalen (foto: Os Turn)
1 av 1
Os G13 tok seg òg til semifinalen (foto: Os Turn)

Handballfestivalen på Stord har aldri vore større då det i pinsehelga deltok rekordmange lag. Heile 408 lag var med på årets cup.

Også dei ulike klubbane i Os stilte sterkt, Os TF med 10 lag, Nore Neset med 13 lag og Lysekloster med 1 lag.

To av laga til Os fekk bronse i A-pulja (J13 og G13) og det same gjorde det eine laget til Nore Neset (J12).

Fantastisk flott tur

Trenar for Os jenter 13, Ruth Moberg, har hatt ei flott helg saman med laget på Stord.

– Det er så flotte ungar og turen har gjort godt for det sosiale samhaldet i klubben.

88 born og 20 vaksne reiste med Os TF til Stord, og det er nokre år sidan sist så mange har vore med på cupen.

– Eg har vore med i klubben i mange år og dette er første gong eg har vore med dei på cup på Stord.

Dei siste åra har Os reist på cup på Hamar, medan eit og anna lag innimellom har tatt turen til Stord.

Gode resultat

Moberg har all grunn til å vera nøgd med helgas resultat. Av dei laga som kunne kvalifisere seg vidare så gjekk 4 av 5 vidare til A-sluttspelet.

– Og av 7 spelarar på kvart lag så fekk me to jenter (Stine Eide og Vilde Dragne Veglo) og ein gut (Mats Torp Nielsen) med på All Star-laget i turneringa.

Dei yngre klassane gjorde det og godt i cupen, jenter 10 vann 8 av 12 kampar og gutane vann 5 av 6.

– Vi har mange komande gode lag i Os.

Gode representantar

Helga har, i tillegg til handballkampar, vore full av aktivitetar og opplevingar. Allereie på bussturen bort byrja det med allsong og heiarop.

– Og vi har hatt gutar som har hatt disco i boxershortsen, jenter som har hatt skuggeshow med mobilar, grilling og premieutdeling for utmerkingar i løpet av sesongen som har vore.

Med alle dei gode opplevingane så tviler Moberg på at helgas dårlege vêr er det ungane kjem til å hugsa.

– Ein del kampar var utandørs, og det var kaldt og til tider litt vanskeleg å spele, men vi kledde oss etter vêret og prøvde å passa på at dei heldt varmen.

Ho trekk og fram hyggelege stordingar som ein del av den gode opplevinga.

– Dei var så serviceinnstilte og greie, tidene blei heldt og vi fekk veldig god mat. Heile arrangementet var veldig godt organisert.

– Det har vore så kjekt å reist på tur med så greie ungar, dei er alle gode representantar for Os TF.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.